Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Olavsvern sikra og rydda

Olavsvern ligg ved Ramfjordnes i Tromsø kommune, ca. 20 km frå Tromsø sentrum. Miljøoppryddinga på eigedomen vart avslutta hausten 2012.

Forsvarbygg har laga miljørapportar for ulike lokalitetar på Olavsvern:

  • I 2008 blei fyllinga, sediment i tørrdokka og området utanfor kaien teke prøvar av og rapportert (Smette&Bjørnstad, 2008)
  • I 2009 blei det gjort supplerande undersøkinga av fyllinga. I tillegg vart det tatt prøver og gjort undersøkingar av korthaldsbana og sedimenter utanfor tørrdokka (Smette&Bjørnstad, 2009)
  • Utvida sedimentkartlegging vart fullført hausten 2010

Miljøopprydding kan delast inn i tre prosjekt
Prøvene viste at det var naudsynt å sette i gong tre ulike oppryddingsprosjekt på Olavsvern:

  • Sediment i dokk/sjøbotn: Tiltaket vart gjennomført hausten 2011 og vinteren 2012. Entreprenør var SeaBead Services AS. Det blei teken ut ca. 144 tonn forureina massar, fordelt på 50 tonn frå sjøen og 94 tonn frå dokka. Masse vart levert til godkjent mottak (Perpetuum AS)
  • Opprydding /sanering av korthaldsbana inkludert skyttarhus: Tiltaket vart avslutta sommaren 2012. Entreprenør var AF Decom AS
  • Tiltak i fylling: Tiltaket i fyllinga vart gjennomført hausten 2012

Sidan 2. verdskrigen
Det har vore militær aktivitet på staden sidan andre verdskrigen. På 1960-talet og framover var Tromsø Sjøforsvarsavsnitt operativ brukar og verksemda hadde då namnet Ramfjordnes Base.

I 1976 vart den militære operative verksemda samla under namnet Olavsvern orlogsstasjon. I 2003 vart Olavsvern underlagt Haakonsvern orlogsstasjon og fekk då namnet Olavsvern marinebase.

Basen vart nedlagd i 2009 og Forsvarsbygg hadde ansvar for avhendinga.

 

Fant du det du lette etter?