Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Miljøsanering I Ørskogfjellet skyte- og øvingsfelt

Vi startar eit miljøsaneringsprosjekt i Ørskogfjellet skyte- og øvingsfelt i Ørskog kommune i Møre og Romsdal. Området skal førast attende til naturen.

Vi startar eit miljøsaneringsprosjekt i Ørskogfjellet skyte- og øvingsfelt i Ørskog kommune i Møre og Romsdal. Området skal førast attende til naturen.

Forsvaret har hatt aktivitet i skytefeltet sidan 1950-talet og fram til 1995. Vi har dei siste åra gjort fleire miljøtekniske undersøkingar som har avdekka massar med for høge nivå av tungmetall (bly, kopar og antimon) i området. Det er ikkje fare for blindgjengarar (sprengstoff) i området.  

Skytefeltet hadde eit areal på om lag 680 dekar, der om lag halvparten av arealet var på leigd grunn. Anlegget bestod av to opparbeidde banar og seks feltmessige banar med liten opparbeiding. Installasjonar som blinkar og anna materiell, er tatt bort. Det står enno igjen skiveskur og eit dekningsrom laga av jernbanesviller. Bygga som står att, rivast i anleggsperioden.

Fraktast til deponi
Vi skal ta bort om lag 800 kubikkmeter forureina massar frå to av skytebanane. Desse massane lagrast på eit mellombels lager før dei fraktast vidare med båt til eit deponi i Drammen.

For å kome inn til områda med maskinar, må vi byggje ein mellombels tilkomstveg. Vegen vil bli fjerna så snart Forsvarsbygg er ferdige med prosjektet.

Skånsamt arbeid
Alle arbeida skal utførast skånsamt for å ta vare på verdifulle naturtypar, og for å hindre spreiing til vassdraga. Området skal førast attende til naturen.

Kort anleggsperiode 
Vi anbefaler publikum å finne andre turområde enn skytefeltet medan gjennomføringa av saneringsarbeida er i gang. Det vil bli ein del anleggstrafikk i området i anleggsperioden.

Arbeida er planlagt utført frå tysdag 9. mai til fredag 7. juli 2017. 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.