Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Rinnleiret

Rinnleiret skyte- og øvingsfelt tilhøyrer gamle Rinnleiret leir, som blei oppretta som kavalerileir på 1800-talet. Området, som opphavleg var på 1 550 dekar, er i dag verna som militært kulturminne og naturreservat.

Feltet har for det meste vore brukt som øvingsområde for stridsvognkøyring utan skyting. Det blei bygd køyrebaner for stridsvognene for å skåne terrenget. Dessutan var det ei handgranatbane her, som etter å ha vore i drift ei kort tid på 1950- og 60-talet blei nedlagd, rydda og brukt som provisorisk korthaldsbane på 1970-talet.

Storleik og eigarskap
Heile Rinnleiret leir og skyte- og øvingsfelt låg på leigd grunn. Sidan tusenårsskiftet har området gradvis blitt ført tilbake til grunneigarane. Området som står att og skal ryddast, er på kring 800 dekar.

Forureining og omfanget av/behovet for rydding
Ved handgranatbanen blei det korkje under miljøkartlegginga i 2007 eller i vidare prøver som blei tekne i 2009 funne tungmetallkonsentrasjonar over normverdiane til Klima- og forureiningsdirektoratet (Klif) eller Forsvarets forskingsinstitutt sine normverdiar for eksplosiv,men det var blitt brent ein del materiell ved ein betongkonstruksjon. Sommaren 2009 blei det søkt om løyve til å rive konstruksjonen, fjerne køyreløypa og grave bort ei lita mengd forureina jord. Tiltaka blei godkjende av Klif, Fylkesmannen i Nord-Trøndelag, Levanger kommune og grunneigarane.

Framdrift/prosess
Totalt fjerna ein frå kastegropa 3 240 kg forureina jord og betong, som blei levert til eit godkjent deponi. Køyreløypa blei òg graven bort. Tiltaka er rekna som ferdigstilte.

Fant du det du lette etter?