Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fjernar forureina massar

Forsvarsbygg har avslutta saneringsarbeidet hjå skytebanane ved Steinkjersannan skytefelt i Steinkjer kommune i Nord-Trøndelag.

– Hausten 2012 starta vi arbeidet med å grave opp og fjerne forureina masse frå Steinkjersannan skyte- og øvingsfelt.  Etter å ha tatt ei vinterpause på grunn av snø og tele avslutta vi saneringa i sommar, seier prosjektleiar Pål Skovli Henriksen i Forsvarsbygg.

Totalt vart fire skytebanar sanert i tillegg til store områder i eit gammalt målområde like ved dagens skytebanar.

 – Vi har fjerna om lag 25 000 tonn forureina massar på et område på om lag 35 000 kvadratmeter. Massane vart gravne opp og køyrd til godkjent deponi, seier Henriksen.

Kostnadene på saneringa er på  30 millionar kroner og entreprenør har vore Implenia Miljø AS. Eigedomen er sanert dels til næringsformål og dels til friluftsliv. Den siste tredjedelen av eigedomen har fortsatt fire skytebaner der det vil vere sivil skyteaktivitet i framtida.

Eigedomen på 680 dekar er no kjøpt av Steinkjer kommune.

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.