Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tisleidalen sikra og rydda

Tisleidalen skytefelt på Golsfjellet i Buskerud vart oppretta i samband med Tisleidalen øvingssenter, som Heimevernet har nytta sidan 1950-talet.

Det er berre ein liten del av det kring 5 000 dekar store området som har vore brukt til skyting.

Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel. 

Der var éi synleg skytebane på feltet, svillerestar og to område med trefundament der det kan ha stått sjølvanvisarar.

Storleik og eigarskap
Området er totalt 5 000 dekar stort. Forsvaret har leigd heile området, og den tidlegare kontrakten med grunneigaren er avslutta. 

Forureining og omfanget av/behovet for rydding
Miljøkartlegginga syna at kring 50 kubikkmeter jord var sterkt forureina med bly, kopar og antimon. Forureininga er no fjerna. 

Framdrift/prosess
Arbeidet er sluttført.

Fant du det du lette etter?