Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tittelsnes skytebane er miljøsanert

Skytefeltet vart oppretta i byrjinga av 1950-talet og har vore i bruk av Forsvaret frem til 2005. Arbeidet med å miljøsanera forureina grunn vart avslutta i oktober 2013.

Tittelsnes/Gramshaug feltskytebane ligg hjå det gamle tyske fortet på Tittelsnes ved Bømlo i Hordaland. 

Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhendar. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel.

I hovudsak har området vore øvingsfelt for handvåpen. Det er her blitt skutt mot ein kulefangarvoll og inn i massar med myr. 

Storleik og eigarforhold
Sjølve skytebaneområdet dekker 62 dekar og er i sin heile leid av Forsvaret.

Ryddeomfang og forureining
I 2010 vart bygningsmasse, løpegraver og utrygge installasjonar som ikkje var relatert til skyteaktiviteten, rivne og sikra. 

I det sentrale baneløpet måtte vi skifte ut mykje masser som var forureina av tungmetallar. Vi gjennomførte kartlegging av to skytebanar i området, og søkte om tiltak for å behandle forureina grunn. Vurderinga synte at skytebana var eit ufarlig område, men tiltak vart satt i verk slik at området ved skytebanane kan nyttast som friområde av lokalbefolkninga.

Framdrift/prosess
Riving og sikring på området vart gjennomført i 2012. Miljøsanering av skytebanane vart gjennomført i 2013.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.