Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Skytebanar sanert ved Ulven leir

Arbeidet med å rydda og sanere to skytebanar i Ulven leir i Os kommune er no avslutta.

– Vi har rydda og miljøsanert stridsløypebane 21 innanfor leiren og bane 17 like utanfor leiren, seier prosjektleder Harry Hellebust i Forsvarsbygg. 

Leiren er aktiv og området rundt stridsløype, bane 21 er flittig brukt av soldatane. Dette har krevja tett samarbeid mellom Forsvarsbygg og brukarane av leiren.

Orlogskaptein Jan Fredrik Honningsvåg i Ulven leir er godt nøgd med arbeidet som er gjort.

– Arbeidet i Ulven leir måtte skje parallelt med den daglege drifta og det har vore viktig med tett samarbeid og koordinering på alle nivå, det vil si mellom leiradministrasjon, prosjektet og utførande entreprenør. Dette har fungert svært bra. Entreprenøren har fått låne dei områda han trengde til sortering samtidig som øvingsaktiviteten har blitt flytta til andre område, seier Honningsvåg og understrekar at det har vore viktig at Forsvarsbygg sine ansatte og leirpersonellet har blitt godt kjent.

 

Per 11. oktober i år var 4285 tonn forureina masse fjerna og kjørt til godkjent deponi frå begge banane.

 

– Vi reknar med at den totale mengda masse som blir frakta til deponi blir på om lag 4600 tonn, seier Hellebust.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.