Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Urheia fort er rydda og sikra

Rett ved Risør sentrum ligg friluftsområde Urheia. Her finn du turstiar, utsiktspunkt, badeplassar og eit fort frå krigens dagar. Arbeidet med å rydde og sikre området vart avslutta i juli 2012. Urheia vart levert tilbake til folket 10. juli 2012.

 – Vi har fylt dei djupaste løpegravene med pukk. Vi har tatt ned og satt opp nye gjerde, tatt ut elektriske leidningar og asbestplater frå veggane, fortel Nordby og legg til at dei ikkje har funne noko som er spesielt farlig eller spesielt.

Forsvarsbygg har fullført følgjande tiltak:

  • Sambandsbunkeren (Tårnet) er sikra og ytterdør erstatta med gitterdør
  • Aggregatbunkeren er støypt igjen
  • Radarbunkeren er sikra
  • Gamle gjerde er rivne
  • Løpegraver er fylt med pukk
  • Rekkverk er montert på betongbru over løpegrav
  • Heile området er rydda for rot og skrot

Arbeidet med å rydde og sikre området gjerast i tråd med retningsliner for sikring av militærhistorisk landskap. Føremålet med oppryddinga var å sikre Forsvarets tidligare installasjonar slik at det ikkje er farlig for publikum å ferdast i området.

Tur- og rekreasjon
Risør kommune har meldt si interesse for å overta området. Dei planlegg å nytte området til rekreasjon- og turområde. 

Foto: Implenia As v/Kristin Kaasa og Forsvarsbygg

Fant du det du lette etter?