Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vardås er rydda og sikra

Arbeidet med å rydde Forsvarets areal på Vardås vart avslutta våren 2011. Eit bygg er rive og gjerde er fjerna.

Vi har utført følgjande tiltak:

  • Vi har rive eit mindre kontorbygg, 64 kvadratmeter på toppen av fjellet
  • Vi har fjerna to kilometer med gjerde og opna området for publikum
  • Vi har rydda og sikra tre kanonstillingar og tilhøyrande ammunisjonslager
  • Arbeidet er utført i samarbeid med antikvarisk styresmakt då området har fått status som militærhistorisk kulturlandskap. 

Tilbakeblikk
Vardås vart anlagt i 1944 av tyskarane under andre verdskrigen som en del av eit system av militære punkter. Eigedomen er seinare brukt av Forsvaret, bl.a. som radiostasjon.

Det militærhistoriske landskapet består dels av naturlege, dels av støypte høgder der stillingar er plassert. Det var tre 38 cm kanoner på området. Desse hadde ei rekkevidde på 42 km. Alle spor etter militær aktivitet på eigedomen inngår i vern av det militærhistoriske landskapet.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.