Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Åsegarden leir skal seljast

Den tradisjonsrike leiren i Harstad har hatt raudt lys i fleire år. No har Forsvaret sagt opp Åsegarden leir og tida med mellom anna alliert trening er over. Dei allierte fortset treninga si i indre Troms.

Dette er ikkje den første heile leiren Forsvarsbygg har selt for Forsvaret. Tidlegare er mellom anna Skarsteinsdalen på Andøy, Evjemoen i Setesdal, Løren leir i Oslo og Steinkjersannan på Steinkjer selt for å nemna nokon. Her har det vorte ny bruk av selde eigedommar.

Leiren skal seljast

Forsvaret sa opp avtalen med Åsegarden leir i september, og no er tida inne for å gå gjennom alt av inventar som tilhøyrer Forsvaret. Noko av inventaret, som senger og skap, har Forsvaret behov for i dei nye allierte treningsleirane som blir oppretta på Skjold i Målselv, Troms.

Wenche Georgsen, regionsjef i Hålogaland, stadfestar at prosessen no er i gang med avhending av leiren.
– Det er ein god del praktiske forhold som skal avklarast før leiren kan seljast.

Offentleg/privat samarbeid eller privat eigar

Ansvaret for salet av militærleiren ligg hos sal og eigedomsutvikling i Forsvarsbygg. Prosjektleiar Therese Frivåg Lund er prosjektleiar for dette, og ho er spent på salspotensialet for leiren.

- Vi veit at Harstad kommune har vore inne på tanken om utvikling av leiren i eit offentleg/privat samarbeid. Det gjenstår å sjå om det er realiserbart når Åsegarden blir lagt ut for sal i 2020. Det blir også spennande å sjå korleis den opne marknaden reagerer viss ikkje kommunen nyttar seg av forkjøpsretten. Eigedommen har uansett eit godt potensiale med den plasseringa han har, seier Therese.

Miljøryddingen av leiren

Kartlegging av miljøforurensingen var ferdig kartlagt i 2017-18, og no er dei forureina områda rydda. Over 3000 tonn forureina masse frå dei to skytebanene er sanerte og sendt til godkjent mottak. Standplass til skytebanene er også reva, og tre drivstofftankar er sanert og fjerna. I tillegg er ein gammal bunker sikra og plombert.

Oversikt selde eigedomar

Oppdraget om Åsegarden leir i Harstad:

I iverksettingsbrev frå Forsvarsdepartementet til forsvarssektoren 2017-2020, står det at alliert treningssenter ved Åsegarden skal avviklast innan utgangen av 2019. Dette inneber at Forsvaret innan utgangen av 2019 ikkje lenger vil ha verksemd og arealbrukinteresser ved Åsegarden med påfølgjande avhending.

Fakta

  • Samla bygningsmasse 31 788 m2 (fordelt på 30 bygg)
  • Samla tomteareal 280 386 m2
  • Åsegarden leir vart etablerte av tyskarane
  • I 1949 flytta Luftvernartillerisone Harstad inn i leiren.
  • Då Luftvernartilleriet forlét Åsegarden leir i 1959, vart leiren bygd ut for Brigaden i Nord-Noregs 3. infanteribataljon, som vart samla her i 1962.
  • I 1992 vedtok Stortinget at Brigaden i Nord-Noreg skulle leggast ned, noko som førte til ein avvikling av verksemda på Åsegarden.
  • I 1999 fekk Åsegarden status som alliert treningssenter.
  • 2019 Forsvaret har sagt opp avtalen Åsegarden leir
  • 2020 blir leiren lagd ut til sals

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.