Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Blant Noregs mest attraktive arbeidsgivare

I år er vi på 62. plass på den nye topp 100-lista til Universum over Noregs mest attraktive arbeidsgivare blant ingeniørstudentar i 2017.

Universum avdekk kvart år Noregs mest attraktive arbeidsgivare og arbeidspreferansane til studentar ved norske universitet og høgskular. I år har om lag 14 000 studentar sagt si meining, og i underkant av 3 000 av dei er ingeniørstudentar.

Image "Badges_2017_SS_Norge.png" without description

–Det er gledeleg at studentar ser Forsvarsbygg som ein spennande arbeidsplass, og at vi med god margin held stand på topp 100-lista, seier Borgar Aasgaard Kristinsson, HR-rådgevar rekruttering i Forsvarsbygg.

Forbind Forsvarsbygg med eit godt arbeidsmiljø
Om lag 80 prosent av ingeniørstudentane som ønsker å jobbe hos oss assosierer vår verksemd med eit godt arbeidsmiljø. Fleire av studentane forbind Forsvarsbygg med gode karrierereferansar og leiarskapsmoglegheiter.

Inne på topp 20 i nord
Ved Universitetet i Tromsø er Forsvarsbygg på 19.plass. Forsvarsbygg gjer det også godt blant studentane på Norges miljø- og biovitenskapelege universitet i Ås (NMBU) med ein 27. plass.

Populær blant jentene
I Forsvarsbygg er vi nesten dobbelt så populær hos kvinnelege studentar som hos de mannlege. Hos kvinnene er vi oppe på ein 47.plass, mens mannlige ingeniørstudentar rangerer versemda på 80. plass.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.