Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Bomber og kulturminne

Å bygga forsvarsevne er meir enn å oppføra og drifta bygg.

Våre skyte- og øvingsfelt er Forsvarets viktigaste klasserom, og Forsvarsbygg har jobben med å sørga for stabile og føreseielege rammevilkår for Forsvarets øvingar.  Då må vi mellom anna sørga for at arkeologar trygt kan gjera jobben sin.

–Arkeologar i Vestland fylkeskommune hadde på oppdrag av oss registrert to steinalderlokalitetar i Mjølfjell - Brandset skyte- og øvingsfelt. Dette vart gjort i samband med arbeidet vårt med ein reguleringsplan for området slik at krava i kulturminnelova vart oppfylte, uttaler arkeolog Harald B Singstad i Forsvarsbygg.

Feltet er eit av Forsvarets mest brukte skyte- og øvingsfelt, og er ein viktig kapasitet for Forsvaret. Feltet ligg hovudsakleg i Voss kommune, og i alpint landskap.

–Kulturminna låg utsett til i eit av nedslagsfelta til skytefeltet og vi bestemte oss derfor for å søka dispensasjon frå fredningsbestemmelsene slik at kulturminna kunne gravast ut. Slik kunne viktig kulturhistorisk kjeldemateriale takast vare på for ettertida, samtidig som vi sikrar at Forsvaret framleis kan øve i området, forklarer han vidare.

 

Er det trygt? Forsvarsbyggs ekspertar fann svaret.

Det var berre eit problem. Arkeologane hadde under registreringa sett noko som minte om eksplosiv i området, og det vart uttrykt uvisse på om den tiltenkte utgravinga derfor var trygg å gjennomføra. Denne uvissa måtte fjernast før arbeidet kunne igangsetjast.

–Heldigvis har vi i Forsvarsbygg spisskompetanse på å kartlegga og sikra eksplosiv og «blindgjengarar» i skytefelt, og ekplosivryddeekspert og major Frank Robert Pettersen i Forsvarsbygg vart kopla inn i saka, seier Singstad vidare.

 

Synfaring gav trygge rammer

Singstad og Pettersen fekk derfor ordna ei synfaring med arkeologane der området trygt kunne synfarast og trygginga kunne bli kvalitetssikret. Pettersen nytta same søkemetode som mellom anna vart nytta på Hjerkinn, og saman fekk dei braka på det reine at dei nemnde etterlatenskapene berre dreidde seg om ufarlig øvingsammunisjon. Dermed var det «grønt lys» for utgravingane.

–Den eine av dei to lokalitetane låg langt frå veg og i eit relativt utilgjengeleg fjellandskap. På rekordtid sørgde dessutan Bjørn Otto Tysse i eigedomsforvaltning for at det kom på plass landingsløyve for arkeologane til å bli floge inn med helikopter. Dermed kunne arbeidd effektivt blir gjennomført slik at arbeidet vart gjennomført i løpet av to veker. Så dette var verkeleg eit godt lagarbeid, på tvers i Forsvarsbygg, for å sørga for at feltet framleis kunne vera operativt.

 

På jakt etter steinalderjegerane i Mjølfjella

Resultatene frå den to veker lange utgravinga av Arkeologer frå Bergen museum gav forresten fleire spennande steinalderfunn. Det å finna urørde spor av slike korte episodar frå fortida er som å leita etter den vidgjetne nåla i høystakken i eit fjellandskap som dette. Kanskje jegerane hadde pause for å fiksa nokon reiskap ved steinblokka som låg midt i utgravingsområdet, eller speida dei etter reinsdyr sidan det er ei vid utsyn over fjelldalen under? Alternativt, stoppa dei på denne vesle tørre flata ved bekken for å partera dagens fangst før dei tok beina fatt vidare nedover dalen?

Uansett:  Funna vil frambringe ny og viktig informasjon ikkje berre om steinalderen i Vossafjella, men også meir generelt om reinfangst, lokalitetsvariasjon og sambandslinjer i steinalderen. Ei eiga nyheitssak om dette arbeidet kan du lesa her På jakt etter steinalderjegerne i Mjølsfjella - Norark - Norsk arkeologi : Norark – Norsk arkeologi. Artikkelen er brukt kjelde til delar av denne saka, og nokre av bilda er henta derfrå. Øvrige bilete: Morten Ramstad/UIB.

 

BILETETEKST:

-Arkeolog Harald Singstad og EOD rådgjevar Frank Robert Pettersen frå Forsvarsbygg i arbeid. 

-Utgravning av steinalderlokalitet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.