Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Flyhistorisk foreining er historie på Rygge flystasjon

I oktober vart eit shelter inne på Rygge flystasjon tømt for diverse løsøre, kasserte kontormøbler, eit gammalt jagerfly og ditto helikopter. Namsmannen måtte koplast inn før Forsvarsbygg fekk tømt bygget, og den flyhistoriske foreiningas nærvær på Rygge flystasjon vart avslutta.

- Vi har en langsiktig strategi; Forsvarsbyggs EBA (Eigedom, Bygg og Anlegg) skal nyttast av Forsvarsektoren. Der kor Forsvarsbygg har EBA som ikkje sektoren har behov for, og EBA ikkje let seg avhende, kan den leigast ut til marknadsbaserte kontraktvilkår. Marknadsleige er eit enkelt prinsipp å følge for å oppnå likebehandling og unngå statssubsidiering. Forsvarsbygg kan ikkje halde seg med ein slags passiv kontraktforvaltning, seier Petter Langlo, porteføljeforvaltar hjå Forsvarsbygg.

Kasser og diverse løsøre hulter til bulter i shelter nytta av Rygge flyhistoriske foreining
Kasser og diverse løsøre hulter til bulter i shelter nytta av Rygge flyhistoriske foreining

Bildet teke av Namsmannen syner at shelteret vart nytta til oppbevaring av diverse løsøre, skap og kontorstolar, i tillegg til fly.


Forsvarsbyggs viktigaste oppgåve er å understøtte forsvarssektorens eigedom-, bygg- og anleggsbehov. Forsvarets behov for lokalar på Rygge flystasjon er aukande, og det er en utfordring å dekke alle behova i eksisterande bygningsmasse. Forsvarsbygg kan difor ikkje gje forventingar om framtidig leieperiode til sivile lag og foreiningar inne på Rygge flystasjon.

Forsvaret ynskjer å disponere all EBA på den militære delen av Rygge flyplass til eige bruk. Forsvarsbygg har difor ikkje inngått ein fornya leigeavtale med Rygge Flyhistoriske Foreining (RFF), og bad i sommar foreininga flytte ut av bygget som er lokalisert på militært område på Rygge flystasjon.Den siste og midlertidige leigeavtalen mellom Forsvarsbygg og RFF for shelter inne på flystasjonen gjekk frå desember 2016 til mars 2017.

- Forsvarsbygg sin prioritet innanfor utleige av EBA er å understøtte forvarssektorens behov. Alle andre behov kjem difor i nedprioritert rekkefølge. Som følge av dette kan ikkje stiftingar, foreiningar eller ideelle organisasjonar ha forventningar om å få leige EBA av Forsvarsbygg, fastslår Petter Langlo.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.