Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvaret har behov for mellombelse bustader på Andøya

Sjølv om verksemda til flystasjonen blir redusert, vil det alltid vera eit visst behov for bustader ei tid framover. I samband med dette er det eit auka behov for bustader for dei tilsette.

- I utgangspunktet skal dei tilsette skaffa eigen bustad, men det vil alltid vera eit behov for innleia, seier Wenche Georgsen, regionsjef i Forsvarsbygg.

Auka behov for bustader

For å etterkomma etterspørselen etter bustader til forsvarstilsette søkar no Forsvarsbygg inntil 11 bustader og 10 kvarter til leie i den sivile marknaden. Har du ein umøblert einebustad eller leilegheit som er ledig, ønsker vi å leiga denne i ein periode på tre år med opsjon på ytterlege to år til.

Mindre leilegheiter

Kvartera skal vera delvis møblerte hyblar eller hybelleilegheiter. Her er det ønskeleg med tilbod på ein portefølje på minimum fem einingar.
- Vi er interesserte i alt som er innanfor ein radius på 10 km frå porten til flystasjonen. Det vil seia òg Bleik, Skarstein og Fiskenes, seier Georgsen

Tilbod kan sendast inn til innleie.andoya@forsvarsbygg.no
Frist 1. Juni 2021

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.