Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg nominert til Betre stat-prisen

Det er Direktoratet for økonomistyring som kvart år deler ut prisen til verksemder som har medverka til meir effektiv bruk av ressursar i staten.

Vi er nominert for vesentlege forbetringar i økonomistyringa.

– I 2014 sat me oss føre å gjere like ting likt på økonomiområdet. Sidan har strukturer, roller, ansvar, informasjonsflyt og metodar blitt plukka frå kvarandre og satt saman igjen med ein ny økonomimodell som fundament. Effektiviteten og kvaliteten har økt betrakteleg, og me ser at det hjelper å jobbe målretta med forbetringar. Nominasjonen til Betre stat-prisen er ein anerkjenning som gjer inspirasjon til det vidare arbeidet, seier vår økonomidirektør Cecilie Stadaas.

Betre stat-prisen går til både store, nasjonale tiltak og små prosjekter som har gjort ein forskjell. I fjor vant Direktoratet for e-helse prisen for det nasjonale tiltaket kjernejournal, som styrker pasienttryggleiken, samstundes som det sparer helsetenestene betydeleg med tid og ressursar.

Les meir om Betre stat-prisen og sjå tidlegare vinnarar her

Prisen blir delt ut av finansministeren på Styringskonferansen i januar 2018.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.