Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg sel Festningsgata 2 til Trondheim kommune

Trondheim kommune kjøper Festningsgata 2 av Forsvarsbygg. Kommunen nyttar seg av forkjøpsretten og kjøper eigendommen til takst, 75 millionar kroner. Den nye eigaren overtek eigedomen i februar 2022.

Eigedomen er 13800 m2, der det er oppført tre bygg på totalt om lag 7200 m2. Den ligg i nærleiken av Kristiansten festning, og det er knytt vernebestemmingar til eit av bygga, den gamle underoffisersskulen frå 1901. Ein av de meir kjende personane som vart utdanna der var Martin Linge, mest kjend som leiaren av Norwegian Independent Company No. 1/Kompani Linge. Vernet gjev føringar for kva kjøparen kan gjere med bygget, og vernet fell ikkje bort sjølv om bygget skifter eigar. Fram til 1984 vart generasjonar av norske hærbefal utdanna der, inntil befalsskulen (BSIT) la ned verksemda i 2002. I åra etter har Forsvarsbygg leigd ut lokala til ulike sivile leigetakarar.

Forsvarsbygg skal avhende eigedom, bygg og anlegg som ikkje skal nyttast av Forsvaret. Pengane frå salet tilfører forsvarsektoren kr. 75 mill som kan nyttes til andre prosjekter. Forsvarsbygg har vurdert at bygningsmassen i Festningsgata 2 ikkje er ein del av den vidare porteføljen etaten skal forvalte, og at den difor avhendast.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.