Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Klare for å læra i Forsvarsbygg

I førre veke starta Georg Melingen (17) og Sondre Haugland (18) læretida si i Forsvarsbygg på Haakonsvern. – Mitt førsteinntrykk er at det er mange hyggelege folk og sosialt her, seier Melingen. 

Desse to gutane er blant dei første handverkarlærlingane i Forsvarsbygg nokon gong. Georg er den einaste røyrleggarlærlingen i heile forsvarssektoren, medan Sondre har ein elektrokollega i Nord-Noreg. 

– Det er første gong vi tar inn eigne lærlingar innanfor handverkarfaga. Vi ser på det som eit viktig samfunnsoppdrag å gi ungdom moglegheiter hos oss. Det er også tydelege signal frå Forsvarsdepartementet at vi skal ta imot lærlingar, seier stabssjef i Forsvarsbygg, Mette Fauskanger.

Stor interesse for elektro, låg for røyr
– Då vi lyste ut lærlingstillinga på elektro, fekk vi svært stor pågang frå interesserte søkarar og kunne velja frå øvste hylla. Men det var vanskelegare å få tak i ein røyrleggarlærling. Då var det vi som måtte kjempa for å få tak i lærling, seier Fauskanger.  

– Mykje ulikt arbeid
Elektrolærling Sondre Haugland er nøgd med den første veka på jobb i Forsvarsbygg.
– Det er mykje ulikt arbeid å vera med på. Denne veka har eg mellom anna jobba med høgspentanlegg. Det er både gamle og nye anlegg. Eg trur det blir bra, seier Haugland. 

Røyrleggarlærling Georg Melingen er samd.
– Det er mykje ulikt interessant arbeid, òg ting eg ikkje har vore borti før. Dessutan er det hyggelege folk og sosialt her, seier Melingen. 

 
Høge forventningar
Røyrentreprenøranes opplæringskontor i Hordaland (OPPRØR) har høge forventningar til Forsvarsbygg. 

– Vi er veldig glade for at Forsvarsbygg no tar inn lærlingar. Vi håper og forventar at lærlingane vil få ei endå betre opplæring og oppfølging her enn i medlemsbedriftene, seier opplæringskonsulent i OPPRØR, Geir Olav Berntsen.

– Kvifor det?
– I medlemsbedriftene våre er inntening av pengar hovudfokus, noko som gjer at omsynet til lærlinganes ikkje alltid kan komma først. Men Forsvarsbygg som statleg verksemd har særs gode føresetnader til å følgja opp lærlingane, slik at dei lærer det dei skal i samsvar med opplæringsplanen. Dessutan har Forsvarsbygg alle typar anlegg som lærlingane kan bryna seg på. Det er ikkje gitt i ei privat bedrift, utdjupar Berntsen. 

– Press på oss
–Vi som offentleg verksemd stiller strenge krav til at leverandørane våre skal ha lærlingar, då er det klart at også vi bør ta imot lærlingar. Når vi no er i gang sjølv, kjenner vi på presset. Dette er nybrotsarbeid for oss. Det er med ein viss ærefrykt vi går laus på oppgåva med å gjennomføra eit godt opplæringsløp. Det er utruleg viktig å vera på ballen. Men mest at alt er dette er stas å vera med på, seier Fauskanger. 

To og eit halvt år
Sjølve læretida er vanlegvis to og eit halvt år. Instruktørar frå arbeidsgjevar skal følgja opp lærlingane under heile læretida og sørga for at dei får gjennomført opplæringsplanen på ein god måte. Lærlingane skal mot slutten av læretida kunna jobba mest mogleg sjølvstendig. 

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.