Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Lagar ny sjøbotn i Horten havn

No blir hamna i Horten rein. Miljødugnaden Ren Indre Havn i full gang.

—Ren Indre Havn ein del av ei nasjonal miljøsatsing, og ein dugnad mellom Horten kommune, Forsvarsbygg, Miljødirektoratet og Horten industripark, uttaler prosjektleiaren i Horten kommune, Anders Bergsli og Forsvarsbyggs prosjektleiar Odd-Erik Martinsen.

—Vår kontraktspartner og entreprenør Peab Anlegg AS er no i full gong med både mudring og tildekking, med mykje aktivitet ute i hamnebassenget.

 Dei utdjupar:

—Den store lekteren her ute lagar bokstaveleg talt ny, rein sjøbotn, som kapslar inn forureininga. Andre stader, der vi treng seilingsdybde, blir massane gravne opp.

I Forsvarsbyggs miljøstrategi for 2020-2024 kan du lese meir om korleis vi jobbar for å minimere miljøpåvirkinga vår. 

Tildekking og mudring er metodane som nyttes
Dei forklarer metodikken bak det store arbeidet som no går føre seg. Det er ein del av ein nasjonal satsning på å rydda opp i hamnebasseng landet over og er i stor grad finanisiert av Klima- og miljødepartmentet:

—Store delar av sjøbotnen i Indre hamn er forureina etter mange års militær, maritim og industriell verksemd. På store areal med mindre forureining blir dekt sjøbotnen naturleg av nye sediment, som isolerer forureininga. Her blir kravd ingen fysiske tiltak ut over framleis overvaking av forureiningssituasjonen

—Der det må gjerast tiltak er løysinga kort fortalt todelt: I område med meir forureining, vil sjøbotnen bli isolert og dekt med nye, reine massar. Dermed blir forureininga stengd inne, seier Martinsen og held fram:

—Der er nettopp det vi ser her no, frå denne lekteren som i praksis er eit flytande massetak, blir lagd rein natursand som i praksis blir ein ny sjøbotn..

Enkelte stader vil det nyttast «betongmadrassar» for å vera sikre på at ein hindrar at forureininga blir oppkvervla.

Der det er behov for seilingsdybde, vil ein mudra, eller grava opp dei forureina massane, som deretter vil bli trygt deponert i eit sjødeponi, som ligg i ein naturleg, oksygenfri fordypning på havbotnen, midt i Indre hamn.


For å planlegga tiltaket bidrar Forsvarsbygg med eigen miljøekspertise gjennom miljørådgivar Tore Joranger. Han har arbeidd med denne forureiningssaka i fleire år, og Forsvaret yter òg viktige bidrag ved evt funn av eksplosiver og ammunisjon frå 2.verdskrig. Då vart hamna minelagt og bomba. Så langt er tre miner identifiserte og trygt tatt hand om at Forsvarets ekspertar.

—I ettertid vil hamna bli overvakt gjennom eit eige miljøoppfølgingsprogram. Det er artig at vi no endeleg er skikkeleg i gang. Dette viktige miljøarbeidet vil sørga for at ein kan eta fisk frå området òg i framtida, i tillegg til at området blir sikra som eit attraktivt område for vekst og byutvikling, avsluttar Bergsli, Joranger og Martinsen

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.