Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nato-prosjekt mot ferdigstilling på Ørland

På Ørland ligg eit av dei andre prosjekta som har hatt høg aktivitet på byggeplass i 2021. Helge Harald Indset leiar prosjektet som skal leggje nytt betongdekke på AWACS flyas oppstillingsplassar.

Om lag 30 mål er i ferd med å dekkast av betong. Generalentreprenøren, Tore Løkke AS har god framdrift og reknar med å ferdigstille dei siste arbeida i løpet av mai 2022. Totalramma for prosjektet er rett i underkant av 200 millionar kroner, kor vel 140 betalast ut i 2021. I pengar utgjer det om lag halvparten av dei Nato-finansierte prosjekta i Noreg i inneverande år.

- Dei Nato-finansierte prosjekta held rekordhøg produksjon i 2021, noko som vil halde fram også i 2022, seier Helge Indset i Forsvarsbygg.

Også fleire andre Nato-finansierte prosjekt på Ørlandet har god framdrift. Det er byggd nytt verksted til AGE (air ground equipment) utstyr, nødtraumsanlegg er installert, nytt brannslukkingssystem i hangaren er under ferdigstilling, samstundes som fleire drivstoffanlegg-prosjekt held fram.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.