Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Vatnefjell skytebane er ferdig oppgradert og miljøsanert

– Tiltaka vi no har overlevert, kjem både brukarane av banane, naboane og miljøet til gode, seier prosjektleiar i Forsvarsbygg, Daniel Morken. Sjå video i bilete to i bildekarusellen.

I Sandnes ligg Vatnefjell skytebane, like ved Vatneleiren som er Heimevernet sitt distriktshovedkvarter. Til skytebana kjem forsvarsavdelingar frå heile regionen, mellom anna rekruttane fra KNM Harald Haarfagre på Madla, for å skyte og øve. I tillegg er banane hyppig utlånt til politiet og de frivillige skyttarlaga. Aktiviteten genererer støy til omgivnadane og gjennom åra har det samla seg opp mykje forureining i jorda ved skytebanane. I tillegg har det i lengre tid vore behov for auka kapasitet, oppgradering av blinksystema og lysanlegg.

I 2019 satte vi i gong byggetiltaka for å betre forholda og utvide kapasiteten. 26. august vart prosjektet overlevert. 
– Prosjektet vi no har overlevert, kjem både brukarane av bana, naboane og miljøet til gode. Eg er særs nøgd med kva vi har fått til og entreprenørane og rådgjevarane vi har hatt med oss har gjort ein framifrå jobb, seier Morken.


Høgteknologiske blinkar
På 200-metersbana er det montert nytt målmateriell for 30 standplassar.
– Denne 200-metersbana er no blant dei mest høgteknologiske i landet. Dei nye oppgraderingane er som natt og dag frå tidlegare. Tidlegare skaut skyttarane på pappskiver og man måtte gå frem for å sjå korleis man hadde treft. No får skyttarane opp treffa på dei nye skjermane på skyttarpostane i standplasshuset, seier Morken.

5500 tonn mykje forureina massar er fjerna
Banane har no blitt mykje reinare. Vi har fjerna om lag 5500 tonn med dei mest forureina massane frå området og levert dei til godkjend deponi. Dei resterande lettare forureina massane (ca. 17.000 kubikkmeter) er kapsla inn i nye vollar rundt skytebanane. Nye oppsamlingssystem som skal fange opp framtidig forureining er no på plass.
– Vi i Forsvarsbygg tek regelmessige vassprøvar for å ha oppsyn med vassavrenninga frå banane. Prøvane er no heilt fine, seier Morken.

Støyskjerming på plass
– Dei nye vollane er støydempande. I tillegg har vi sett opp fleire støyskjermar og støyisolert standplasshuset ved 200-metersbana. Nokre banar som tidlegare gav ugunstige støyforhold, er no avvikla

Ramma for tiltaka på Vatnefjell er om lag 20 millionar kroner. Tiltaka på Vatnefjell er en del av eit større totalprosjekt som også omfattar miljøsanering av ei skytebane på Svartemyr i Sandnes som vart ferdigstilt i fjor, og tiltak på skyte– og øvingsfeltet på Jolifjell i Gjesdal kommune som er venta utført neste år. Totalprosjektet har ei ramme på 109,8 millionar kroner.

Desse tiltaka er utført på Vatnefjell:
- Støyreduserande tiltak
- Ein bane er erstatta med to nye kortholdsbanar
- Standplasshuset er rehabilitert slik at støyforholda vert bedre
- Nytt målmateriell med elektroniske blinkar på 200–metersbana
- Tilrettelegging for vendemålsskiver på begge kortholdsbanane
- Oppgradering infrastruktur som mellom anna banelys og strømkapasitet
- Miljøsanering av forureina massar

Fakta Vatnefjell skytebane:
- Anlagd ca. 1950
- Bana har fleire arenaer med ulike avstandar
- Bana er en ein del av Vatneleiren som vart etablert av tyskarane i 1940
- HV-08 er hovedbrukar av Vatneleiren
- Sjøforsvaret representert ved KNM Harald Hårfagre er den formelle leietakaren av skytebanane på Vatne og Svartemyr
- Vatne skytebane er arena for Landskyttarstemnet cirka kvart 10. år. Sist gong var i 2014.

Prosjektorganisasjon:
Oppdragsgjevar: Forsvarsdepartementet
Prosjekteier: Forsvarsbygg
Brukar: Forsvaret
Entreprenører: Nordbø maskin, Harestad Bygg
Målmateriell: Megalink
RiB: Norconsult
Arkitekt: 3RW arkitekter
Landskapsarkitekt: Smesvig Landskapsarkitekter AS

Heimesida til prosjektet ligg her.

Bildetekst gruppebilete (nr. 4 i karusellen): På synfaring (fv): SØF-forvaltar i Forsvarsbygg, Lars Terje Bjørsvik, arkitekt i 3RW arkitekter AS Lars Cohen, prosjektleiar Daniel Morken, RiB Norconsult Paul Myklestad, byggeleiar i HRP Ottar Toppe og anleggsleiar frå Nordbø Maskin Sigbjørn Sande. 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.