Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Miljøeksperten

Etter mange års erfaring med miljøarbeid er Forsvarsbygg heilt i toppsjiktet når det gjeld miljøkompetanse.

– Kompetansen er nok fremst i Noreg når det kjem til bestilling, kvalitetssikring og gjennomføring av tiltak. Ved å gjennomføre så mange prosjekt over ein lang periode har vi opparbeidd oss god kompetanse særleg innanfor styresmaktskontakt, særleg relatert til offentleg eigedom, fortel Torbjørn Henriksen, seksjonssjef for miljø i Skifte eigedom.  

Miljø og forureining er eit stort fagfelt, og Henriksen fortel at Skifte eigedom samarbeider med Forsvarsbygg futura når det gjeld fagkompetanse på eit høgare nivå.

– Vi samarbeider særleg når det gjeld kompetanse innanfor særskilde tilhøve, eller når ein skal greie ut nye tilhøve, som er relatert til forsking og utvikling, seier seksjonssjefen.

Miljøpolitikk
Miljøpolitikk for Forsvarsbygg vart vedteke i januar 2013. Hovudpunkta i denne er at Forsvarsbygg skal vere mellom dei fremste i Noreg på miljøområdet, at Forsvarsbygg gjennom eigen kompetanse og eiga utvikling skal vere ein pådrivar for miljøriktige løysingar på våre arenaer i byggje- og eigedomsbransjen elles samt at vi gjennom god forvalting skal ta vare på og utvikle naturareala og naturmangfaldet.

Største SØF-prosjekt
Miljøtiltaka knytte til skyte- og øvingsfeltet (SØF) Gurulia og Bue-Nebb, som ligg i Rissa kommune i Sør-Trøndelag, er omfattande. Prosjektet er omfangs- og kostnadsmessig det største SØF-prosjektet Skifte eigedom har gjennomført til no. 

Tiltaka starta i oktober 2013 og er planlagt avslutta innan 1. juli 2014.

– Det er naudsynt med tiltak for å fjerne store mengder metallforureina jord, slik at både helsa til menneske, naturen og miljøet kan takast betre vare på for ettertida, fortel prosjektleiar Pål Skovli Henriksen i Skifte eigedom.

Bue-Nebb skal førast tilbake til grunneigarar, medan kommunen og Fosen motorsportklubb har planar om eit motorsportsenter for Gurulia-området.

I grunn og sjø
Med ansvar for store areal og høg aktivitet, er fokus på forureining i grunn og sjø eit viktig miljøaspekt i Forsvarsbygg. Talet på prosjekt innanfor miljøsanering av sjøbotn er mindre enn til lands, og blir gjort på ein annan måte. Massane på sjøbotnen i mange norske hamner og fjordområde er sterkt forureina av menneskeleg aktivitet, industri og avrenning.

– Når det gjeld miljøsanering i sjø brukar vi ein heilt annan teknologi og vi må forhalde oss til eit heilt anna regelverk frå styresmaktene, forklarar Henriksen.  

Miljøopprydding i Hysnes Hamn
Eit anna spanande miljøprosjekt er Hysnes hamn der Forsvarsbygg samarbeider med Rissa kommune om opprydding av miljøgifter i sjøsediment. Prosjektleiar er Anja Nilsen som er leigd inn til Skifte eigedom frå Forsvarsbygg futura.

Oppryddinga startar opp seinast oktober 2014 og skal vere ferdig innan utgangen av 2014.  Området skal overvakast eitt år etter at tiltaka er ferdige for å sikre at tiltaket har hatt den effekten ein ønskjer.

– Dei overordna måla ved å gjennomføre oppryddinga er å monaleg redusere spreiinga av miljøgifter frå sedimenta til vassmassane, hindre spreiing til område utanfor Hysnes hamn, samt at hamna skal ha eit godt økologisk potensiale for mellom anna fritidsfiske, fortel Anja Nilsen.

Det skal mudrast i eit område på 3000 kvadratmeter, og massane som blir mudra opp skal ein deponere på eit godkjent deponi avhengig av forureiningsgraden. Mudring er det same som å flytte sand og slam på havbotnen frå ein stad til ein annan.

Sluttrapport
Etter at oppryddinga er ferdig, lagar Skifte eigedom ein sluttrapport som blir overlevert til styresmaktene.

– I mange tilfelle gjer vi målingar i ettertid for å slå fast at tiltaket har hatt ønskt effekt. Ei slik oppfølging strekkjer seg gjerne over ein periode på to til fem år, fortel Torbjørn Henriksen.

 

Prosjektleiar Anja Nilsen i Forsvarsbygg.
Foto: Harald Bjørnstad

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.