Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvaret ynskjer samarbeid om miljøvenleg energiproduksjon

Forsvarsbygg skal satse stort på kjøp av miljøvenleg energi og inviterer no private aktørar til eit samarbeid om oppvarming av Forsvaret sine bygningar og anlegg.

I løpet av dei næraste månadene skal Forsvarsbygg halde fire konkurransar om langsiktige avtalar om levering av fjern-/nærvarme. Energien skal produserast av eksterne leverandørar, anten ved eksisterande anlegg (fjernvarme) eller ved lokale anlegg (nærvarme) som ein kan etablere på Forsvaret sin eigedom i tilknyting til kvar einskild leir.

I første omgang er det aktuelt å konkurranseutsetje kjøp av energi til Forsvaret sine bygningar og anlegg på Høybuktmoen ved Kirkenes, Trondenes i Harstad, Bodin i Bodø og Fredriksvern i Stavern. Seinare kan det bli aktuelt å halde nye konkurransar etter same modell for andre sentrale leirar i Forsvaret, både i nord og sør.

Ved å leggje om til meir miljøvenleg energiproduksjon oppfyller Forsvarsbygg sentrale krav om å redusere CO2- utsleppa.

Strategien til Forsvarsbygg er å fase ut det meste av energiproduksjon basert på bruk av oljefyrte og elektriske kjelar, og erstatte kjelane med meir miljøvenleg energiproduksjon basert på til dømes biobrensel eller varmepumper. For å nå desse målsetjingane, inviterer Forsvarsbygg til eit samarbeid med private aktørar, som vil få oppdraget med å levere energi (fjernvarme eller nærvarme) til Forsvaret sine bygningar og anlegg gjennom langsiktige avtalar.

Dersom det trengst vil Forsvarsbygg stille tomter til disposisjon der avtalepartnarar kan etablere nye energisentralar i tilknyting til einskilde leirar. Forsvarsbygg vil òg i framtida sjølv ha ansvaret for distribusjonsnettet inne i leirane.

Forsvarsbygg har tidlegare gjennomført tilsvarande konkurransar for levering av fjernvarme til Rena leir, Terningmoen leir, Kongsvinger festning og Kjeller flystasjon. Røynslene frå desse konkurransane har vore særs positive. I tillegg til miljøgevinsten har Forsvarsbygg opplevd ein vesentleg reduksjon i energikostnadene, noko som igjen reduserer Forsvaret sine driftskostnader.

Fakta:

Forsvarsbygg skal gjennomføre konkurransar for kjøp av miljøvenleg energi på dei følgjande fire stadene i løpet av dei næraste månadene:

Bodin i Bodø, ca. 5 GWh/år
Trondenes i Harstad, ca. 3 GWh/år
Høybuktmoen GSV ved Kirkenes, ca. 7 GWh/år
Fredriksvern ved Stavern, ca. 4 GWh/år

 

Foto: Tine Poppe

 

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.