Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Evenes flystasjon i byggefase

På byggebørsen i Harstad vart prosjekta for utviklinga av flystasjonen presentert.

Det skal investerast for nærare 4,1 milliardar kroner på Evenes flystasjon fram mot 2022, og dei første kontraktane er allereie underskrive og nye står for tur.

Ut til marknaden

Deltaking på regionale næringsbørsar som vert arrangert i Nord-Noreg er ein viktig arena for Forsvarsbygg. Det vert høgt prioritert med å vera tilstades for å gje marknaden informasjon om kva som kjem, og kva for høve marknaden har når prosjekta vert lyst ut på offentleg anbud.  Arrangør var Harstadregionens næringssamskipnad.

- Vi fortel blant anna om røynslene frå Ørland der det viser seg at mange av dei inngåtte kontraktane har gått til lokale leverandørar, fortel Olaf Dobloug.

Merksemd

Interessa blant dei nærare 90 frammøte var stor då leiar for kampflybase prosjektet på Ørland og Evenes, Olaf Dobloug, og fungerande utbyggingssjef John Ommund Syvertsen presenterte kva som vert planlagt på Evenes.

Tilpasningsdyktig

- Oppdraget vårt frå 2012 er å byggja ut flystasjonen på Evenes til ein QRA, eller fremskutt base, for dei nye F35 flya. Seinare har Forsvarsbygg fått oppdrag om klargjøring for dei nye overvåkingsflyene. Dette oppdraget jobbar vi etter og Forsvarsbygg er tilpasningsdyktig viss det skulle koma endringar, fortalde Olaf Dobloug.

Utbyggingssjefen for Evenes, John Ommund Syvertsen, presenterte dei enkelte prosjekta meir detaljert. Det gjekk på storleik, omfang, tidsfristar og når prosjekta planlagt å stå ferdig inne på flystasjonen.

Evenes flystasjon

•Samling av dei nye F35 flya og dei maritime overvåkingflya på Evenes, verna av langtrekkende luftvern og baseforsvar, gjev ein kompakt og effektiv løysing som gjev godt vern av ressursane til luftforsvaret.
•I tillegg er Evenes eit område som er viktig for mottak av allierte styrkar.
•Ei samling av ressursane på Evenes, verna av langtrekkende luftvern, er difor den beste løysinga operativt.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.