Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

P8-flya på Evenes har no to hangarar

To operative hangarar for dei maritime overvakingsflya P8 er på plass ved Evenes flystasjon. Hangarane skal vareta behova til flya inntil den nye MPA hangaren står ferdig. Dette gir ny auka forsvarsevne til Forsvaret.

Leiar for P8-programmet i Luftforsvaret, oberst Torgeir Aas, er fornøgd med resultatet og sa under overleveringen at no kan den operative fasen med dei nye overvakingsflya fortsetja inn i vinteren. Formelt overtar dei jobben frå Orion neste sommar.

- Med den nødvendige hangarkapasiteten levert av Forsvarsbygg og dessutan kontorfasilitetar på plass, kan vi utføra den viktige overvakingsjobben for Noreg og NATO, sa Aas.

Hangaren er ferdig i rett tid

Overleveringen av den andre hangaren, Hangar 6, markerer at dei mellombelse fasilitetane for P8 er klar på flystasjonen. P8 Poseidon skal erstatta dagens Orion fly sommaren 2023. Hovudoppgåva til flya er å overvaka dei store havområda våre og skaffa informasjon og oversyn til andre delar av Forsvaret. Prosjektet blir ferdigstilt på dagen eit år etter det første spadetaket vart tatt og grunnarbeidet starta i 2021

 

Auka forsvarsevne frå Evenes

For Forsvarsbygg betyr dette at vi har levert forsvarsevne og kampkraft til Luftforsvaret. Hangaren er ferdig både på tid og kost.

– Fristen vår var 1 oktober, vi har levert ein hangar som er nødvendig for dei nye overvakingsflya, og vi er godt innanfor denne fristen sa Thomas Helland, fungerande seksjonssjef for Evenes.

 

Ferdig på dagen eit år etter oppstart

Hangar 6 vart overleverte Luftforsvaret 28.09.2022 og har ein prosjektkostnad på 95 millionar. Hangaren er ein av to mellombelse hangarar på Evenes, der denne skal fasilitere vedlikehald av P8 på Evenes fram til hovudbasen for MPA ferdigstillast. Prosjektleiar i prosjektet Karoline Lindgaard og byggeleder Beate Hansen fekk begge takk for vel utført jobb av dei frammøtte.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.