Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Få fuglar skremd av fly

Forsvarsbygg har også i 2016 gjennomført omfattande ornitologiske feltundersøkingar i Grandefjæra naturreservat for å dokumentere kva for verknadar forstyrringar frå flyaktiviteten fra Ørland flystasjon og andre aktiviteter har på fugl i naturreservatet. Berre i seks av 138 tilfelle vart det observert at fugl var skremd ut av området som følgje av flyrørsler.

- Vi er opptekne av å følge opp føresegnene i reguleringsplana og har kome godt i gang med arbeidet å dokumentere eventuelle verknader på fuglelivet knytt til flyaktiviteten frå basen, seier Olaf Dobloug, direktør i Forsvarsbygg kampflybase.

Undersøkingane vart sett i gang i 2015. Årsaken til skipinga av prosjektet var å beskrive no-situasjonen for fugl i Grandefjæra med dagens aktivitet på flystasjonen. Prosjektet vidareførast med nye undersøkingar, også etter introduksjonen av F-35 på Ørland.

I 87 (63,5%) tilfelle var det ikkje teikn til noko som helst reaksjon hjå fuglane. I andre tilfelle var dei skremd av andre fuglar, eller fuglar vart skremd opp men landa i same område.

Alle type forstyrringar i Grandefjæra vart registrert i feltarbeidet. Alt frå flyrørsler, folks ferdsel, rovfugl m.m. Flyrørsler utgjorde 95% av hendingane som kunne leie til fluktreaksjon hjå fugl.

Fuglane ble kategorisert i dei ulike artane ved hjelp av kikkert, teleskop og naudsynt litteratur, talt opp og observert i høve til korleis dei svarar på flyplassaktiviteten. Undersøkingane syner at fuglane i liten grad vert uroa og utan hinder utnytte matfatet i Grandefjæra. Trekkfuglar og andre arter som nytter det same området i periodar av året ser ut til å bli noko meir uroa, men omfanget av dette ser ut til å vere lågt. Det som skaper dei største forstyrringane hjå fuglane i reservatet er helikoptertrafikken.

Observasjonane vart gjort frå Lakskløholmen, Grandefjæra amfi og Beian. I tillegg vart det, for å få ei god totaloversikt, gjort undersøkingar og rekna opp talet på fugl i andre reservat og andre relevante fuglelokaliteter i området.

Med avgjerdsla om å lokalisere kampflybasen til Ørland, ottast mange at det kunne ha ein sterk negativ verknad på fuglelivet i Grandefjæra. Formålet med undersøkingane er å gje ein best mogleg attgjeving av før-situasjonen, det vil seie før introduksjonen av F35. Undersøkingane går kontinuerlig og den første runden i år er allereie gjort.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.