Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fugl i Grandefjæra lever godt med flystasjonen som granne

I 2017 vart det, for tredje året på rad, gjort undersøkingar på forstyrring av fugl i Grandefjæra naturreservat. Resultatet av registrering av reaksjon hjå fugl som følge av flyaktiviteten syner at fuglane i særs liten grad vert uroa.

Undersøkingane i 2017 tyder på at tidlegare funn under likande tilhøve, i 2015 og 2016, har gjeve eit godt bilete av situasjonen. Også da synte det seg at fugl med opphald i Grandefjæra ikkje let seg uroe av flyaktiviteten som vart gjennomført.

Standfugl syner ingen teikn til å bli hindra i sin bruk av Grandefjæra naturreservat. Trekkfugl, og andre artar som nytter det same området i periodar av året, ser og ut til å verte lite uroa. Data frå undersøkingane frå og med 2015 til og med 2017 utgjer grunnlaget for før-situasjonen i høve overgangen til nytt kampfly. I det vidare arbeidet vil flyavgangar med F-35 inngå i datamaterialet og jamførast med verdiane for F-16. Talet på fugl i Grandefjære naturreservat er stundom særs lågt. Det vil i det vidare arbeidet fortsatt inkluderast registreringar frå alle fire sesongane. Søkjelyset blir likevel retta mot dei periodane av året då det er større mengder fugl til stades. I tillegg gjev fleire artar og individ betre datagrunnlag for å gje samla kunnskap om dei ulike artane sin reaksjonar på flyaktiviteten.

Registreringene samanfattar resultat frå 8 besøk (totalt 24 dagar) i området gjennom 2017 og konsentrerer seg særskilt om trekkperiodane (både vår og haust) for å fange opp fluktåtferd hjå dei artane som vitjar området i kortare periodar av gangen.

Grandefjæra naturreservat

Kart som syner Grandefjæra naturreservat i Ørland kommune.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.