Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ørland: Ny befalsforlegning klar til bruk

Befalsforlegning trinn 1 vart i dag overført frå Forsvarsbygg kampflybase til Forsvarsbygg Region Midt v/Bustad og kvarter.

– Ferdigstillinga a av befalsforlegningen er nok eit viktig element i skipinga av hovudbasen for nye kampfly F-35, som vil bidra til å dekkje behovet for bustadar til befalet, seier Jens Levi Moldstad, plan- og
utbyggingssjef i Forsvarsbygg kampflybase.
Etter vedtaket om å etablere kampflybasen på Ørland er det satt eit styrka fokus på omfang, standard og storleik på forsvarsbustadane rundt omkring i kommunen, i tillegg til kvarter inne på basen.
- Satsinga på gode butilhøve representerer eit langt steg mot målsetjinga om å skape bu- og arbeidslyst for dei som jobbar på Ørland, seier Moldstad.
Hovudentreprenør var Backe Nordvest. Forlegninga er i tre etasjar med loft utan kjeller, 2472 m2 BTA. Total kapasitet er 50 kvarter med opphaldsrom, eige bad og sovealkove.
Byggestart var i fjor sommar, med ein byggetid på 12 månader.

 

Beliggenhet

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.