Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Startar å avhenda eigedomar på Ørland

Eit pilotprosjekt er satt i gang for å prøve ut bestemmingar for rivning av innløyste hus i praksis.

Vedteke reguleringsbestemmingar for Ørland flystasjon fører med seg at Forsvarsbygg tilbyr innløysing av samtlege hus i raud støysone på Ørland. Sett bort i frå hus som er regionalt verna, vil hus som vi innløyser bli avhenda. Avhenda vil si selt, flytta eller rivne.

Bestemmingar for opprydding av tomt
Både når det gjeld hus som bli verna og avhenda på Ørland, samarbeider vi med Ørland kommune. Kommunen som planmyndigheit har ansvar for godkjenning av både flytting og rivning.

For å kome i gang med å avhenda har vi vore avhengige av å einigast med kommunen om rivningsbestemmingar. Bestemmingane handlar om kor omfattande oppryddinga av tomta skal vere. Partane har no kome til enigheit om å prøve ut bestemmingane i eit pilotprosjekt, for å teste dei ut i praksis.

- Inga av partane har ynsket at fraflytta hus har blitt ståande tomme over lengre tid. Vi er derfor nøgd med at vi no har kome til enigheit for å kunne starta opp arbeidet, seier eigedomssjef i Forsvarsbygg kampflybase, Carl Oscar Pedersen.


Pilotprosjekt
Pilotprosjektet på å avhenda fraflytta eigedom er i satt i gang i eit samarbeid mellom Ørland kommune og Forsvarsbygg. Forsøksprosjektet inneber sal av to tomter og rivning av bygg på ei av desse tomtene. Prosjektet vil få betyding for korleis det komande arbeidet med å avhenda skal gjerast.

- Det er viktig at vi er einige om korleis vi skal avhende. Gjennom desse prosjekta vil vi kome fram til ein «standard» for det vidare arbeidet, fortel Pedersen.

Interessert kjøpar
Når Forsvarsbygg blir eigare av hus tek vi ansvar for dem og sørgjer for at tomta blir rydda når bygget er flytta eller reve. Vi vil fyrst vurdere om Forsvaret har behov for tomta - om ikkje vil den bli selt.  

Kommunen har forkjøpsrett i fall eigedomen blir selt. Fraflytta tomter blir selt til andre grunneigarar for dyrka mark eller til anna føremål, i samsvar med kommunens arealplanar.

Når det gjeld dei to tomtene i pilotprosjektet har kommunen benytta seg av sin forkjøpsrett og dei har ôg to interesserte kjøparar.

- Dette er eigedomar i landbruksområde. I tida framover vil i samarbeid med kommunen sjå på ytterlegare seks aktuelle eigedomar på slikt landbruksområde før vi etter dette går i gang med resterande aktuelle eigedomar, seier Pedersen.


Startar rivning etter sumaren

Den ene av dei to tomtene i pilotprosjektet har bygningar på eigedomen og desse skal, som ein del av pilotprosjektet, bli reve. Når det gjeld sjølve rivningsarbeidet vil dette starte opp fyrst etter sumaren.

- No skal vi hente inn tilbod i frå aktuelle entreprenørar for utføring av rivningsarbeida, før vi kan kome i gang. Tatt i omsyn at det no er ferieavvikling vil vi starte opp sjølve rivingsarbeidet fyrst etter sumaren. Vi har i alle tilfelle ein felles interesse om å setje i gang med opprydding så snarleg som mogleg.  

- Vi ynkjer å rydde opp etter oss. Dette inkluderer å bevare landskapet og landbruket på Ørland i størst mogleg grad, avsluttar Pedersen.

Se kart

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.