Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ytre perimeter til Ørland flystasjon nærmar seg ei mil

Arbeidet med det doble gjerdet kring Ørland flystasjon er i god gjenge, og vil vere om lag ei mil til våren. I disse dagar starta entreprenøren fase fire for det som på fagspråket vert kalla ytre perimeter.

Ytre perimeter er langt meir enn berre dei doble gjerda. Til dømes er ulike sensorar integrert i sikringa kring Ørland flystasjon. Men gjerder vert det nok av òg i fase fire - faktisk om lag 1300 meter.

Når det gjeld arbeidet med fase fire inngår òg arbeid med elektronisk trygging. Når fase fire er avslutta skal resterande arbeid lysast ut på ein eigen anbodskonkurranse.

Omsyn til den sivile flyterminalen
Femte fase i prosjektet, som omfattar basen sitt hovudadkomstområde, tek til hausten 2020, men planlegginga er allereie godt i gang, seier prosjektsjef Johan Olav Rokstad. Denne siste fasen i prosjektet må ta omsyn til den sivile flyterminalen på Ørland, der kommunen skal byggje eit nytt terminalbygg.

- Dette vert integrert med ytre perimeter, slik at passasjerar som skal nytte den sivile ruta vil gå gjennom sikkerhetskontrollen før dei kjem inn på flystasjonens område, seier Rokstad.

Tett dialog med flystasjonen
Prosjektsjefen seier arbeidet med ytre perimeter so langt har gått bra, og at det finn sted i tett dialog med leiinga av flystasjonen.

- Det viktigaste er at eit nytt ytre perimeter er ein solid oppgradering i trygginga Ørland flystasjon, avsluttar han.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.