Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nytt renseanlegg på Drevjamoen

Heimevernet på Drevja ekserserplass er sikra eit nytt, miljøvenleg kloakkreinseanlegg etter at det gamle brann ned i 2015.

Våre investeringar skal spegle dei behova Forsvaret har, som mellom anna inneber prioritering av operative behov og at dei basar og leire som skal behaldast og vidareutviklast skal prioriterast.

Drevjamoen leir er tilhaldsstad for HV-14. Til dagleg er det berre eit 10-tals personar som driftar Drevjamoen leir, men når Heimevernet har øving er det mange hundre heimevernssoldatar til stades i leiren. Dette krev eit anlegg som kan ta unna avfall frå ei stor mengd menneske.

Brann ned

- Det nye reinseanlegget er dimensjonert for 670 personar. Anlegget erstattar det gamle anlegget frå 70-talet, som mista sin reinsefunksjon etter ein brann i 2015, seier prosjektleiar i Forsvarsbygg Jarle Bøyum.

BIO-filter

Prosjektleiaren forklarer korleis den miljøvennlige reinseprosessen fungerer.

- Avløpsvatnet renn først gjennom ein filter der avfallet blir skilt ut. Deretter renn vatnet vidare til eit BIO-filter. Her vert det tilsett luft slik at bakteriane får meir oksygen. Dette aukar appetitten til bakteriane på forureiningar, som dermed vert ete opp. Avløpsvatnet endar i eit nytt kammer der dei siste forureiningane søkk til botn. Botnslammet i det siste kammeret vert så pumpa tilbake til start og går gjennom handsaminga på nytt.

Reinsevatn ut i ei elv

Reinsevatnet er etter end prosess så reint at det kan sleppast direkte ut til ein godkjend resipient, som i dette tilfellet er ein bekk eller elv. Prøvar av utsleppsvatnet skal leverast til kommunen for kontroll annankvar månad.

Effektiv bygging

Entreprenør Ipec Miljø AS frå Birkeland har vore totalentreprenør i prosjektet. Føretaket har knytt til seg fleire lokale entreprenørar innanfor anlegg, elektro, roer, utstyr og prøvetaking.

- Byggjetida har vore kort og effektiv, med byggjestart i byrjinga av september og ferdigstilling mindre enn 3 månader etter, seier Bøyum.

Feil via SMS

Det nye anlegget vert styrt av ei digital løysing som sørgjer for heilautomatisk drift. Skulla det oppstå ein feil vert det sendt ein SMS til dei med ansvar for anlegget. Anlegget vil uansett fungera dersom elektrisiteten vert borte.

- Det er fall i frå første til siste kum og slammet vil då renna av seg sjølv. Sjølv om effekten av anlegget ved ein slik situasjon er redusert, er vi sikra at det likevel vil fungera. SMS-varselet bidreg til at vi til ein kvar tid veit om det er noko feil ved systemet, avsluttar prosjektleiaren.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.