Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Politiet med eige treningssenter inne i Værnes garnison

Politiet har for fyrste gong etablert eigne lokale inne i ein militær leir. Senteret har vorte til gjennom tett samarbeid på tvers av forsvars- og justis- og beredskapssektoren.

Vi skal støtte Forsvaret sine operasjonar i både fred, kriser og krig. For at Forsvaret skal kunne gjennomføre operasjonane sine er beredskap og trening nødvendig. Samarbeid og samtrening med andre relevante sektorar og etatar, slik som politiet, er ein viktig del av dette.

Unik etablering

Forsvarets samarbeid med politiet går lang tilbake i tid, og Politiet i Trøndelag brukte i fleire år Forsvarets lokale inne i Værnes leir. For å kunne fortsetje å trene og samtrene med Forsvaret ønskte politiet ei permanent løysing.

Politiet i Trøndelag har no fått sitt eige treningssenter inne i Værnes garnison. Dette er fyrste gong ei slik etablering skjer inne i ein militær leir.

Formelt opna

Treningssenteret til politiet vart erklært opna tysdag 19. mars, med talar av mellom anna Forsvarssjef admiral Haakon Bruun-Hansen, beredskapsdirektør i Politidirektoratet Knut Smedsrud, politimeister Nils Kristian Moe og sjef HV-12 oblt. Egil Haave.

- Det er viktig for den totale beredskapen til samfunnet at politiet og Forsvaret kan jobbe godt saman og gjere felles innsats i krevjande situasjonar, sa politimeister Nils Kristian Moe under opninga.

Samarbeid på tvers

Senteret har vorte til gjennom samarbeid mellom Justis- og beredskapsdepartementet og Forsvarsdepartementet. Dialogen mellom politiet, Forsvaret og Forsvarsbygg har i prosjektet vore tett.

I tillegg til at politiet får eit eige treningssenter, som består av eit overnattingsbygg, eit kontor-, klasseroms- og møterombygg og ein plasthall, får dei nytte Forsvarsbyggs skytebaner og øvingsfelt i området.

- Denne etableringa har i tillegg ført til at det no er sett i gang eit arbeid med ein landsdekkjande samarbeidsavtale med politiet, der politiet får tilgang til våre SØF-anlegg mot dekning av mellom anna framtidige miljøkostnader, fortel regionsjef Siv Therese Underland.

Ikkje i konflikt med Forsvarets behov

I forkant av etableringa vart det avklart med Forsvaret om moglegheita for å avsetja eit område inne i leiren. Det var viktig at senteret ikkje kom i konflikt med Forsvarets eigne behov for noverande og framtidig bruk av areala. Treningssenteret vart vedtatt plassert sør for Værnes hovudgard.

- Område som vart valt ut oppfylte krava om å ikkje komme i konflikt med Forsvarets behov. Vidare var det eit mål at senteret skulle vere tilpassa området og harmonere godt med Hovudgarden og resten av bygningane i nærleiken, i tillegg til at grøntområdet rundt vart bevart, fortel regionsjefen.

Prosjektering, infrastruktur og grunnundersøkingar

Politiet har sjølv stått for etableringa av sjølve bygga i senteret, men Forsvarsbygg har prosjektert og levert infrastruktur for grunn og fundament, inklusivt framføring av vatn og elektrisitet. Vi gjorde òg miljøprøver av grunnen i området.

- Byggjetida var kort, men med god planlegging til grunn, opplevde vi at tilrettelegginga og gjennomføringa av vår del av leveransen gjekk godt, seier regionsjefen. - Dette fekk vi òg stadfesta gjennom gode tilbakemeldingar frå både leverandørar og politiet, avsluttar ho.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.