Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Stor dag for småflymiljøet på Austlandet

Forsvarsbygg og Rygge Aerosenter AS har inngått ein eittårig avtale om leige av platting for småfly på Rygge flyplass. I går vart opninga av den sokalla GA-plattformen (General Aviation) markert med snorklipping handsama av rygge-ordførar Inger-Lise Skartlien og eigedomdirektør David Halvorsen frå Forsvarsbygg.

- Vi er særs nøgde med samarbeidet med Forsvarsbygg. Dette er ein stor dag for det norske småflymiljøet, seier John Eirik Laupsa, generalsekretær i Norges Luftsportforbund.

I går vart det behørig markert at småflya er attende på Rygge. Det lokale småflymiljøet organisert hjå Rygge Aerosenter har med avtalen fått eigen tilgang til flyoperative flater, like i nærleiken av flyplasstårnet. Småfly-verksemda finn stad på sivil del av flyplassen, og skal ikkje vere til hinder for militærverksemd på Rygge. Investeringane på om lag ein halv million kroner, som omfattar opparbeiding av innkøyrsel med P-plassar og flytting av gjerde, er betalt av GA-miljøet. Det har vore ein mellombels slutt på småflyverksemda på Rygge sidan februar 2018, då dei nytta militært område. Forsvarets eige behov gjorde at denne ordninga ikkje kunne halde fram.

SNORKLIPPING: Frå venstre Forsvarsbyggs David Halvorsen, ordførar Inger-Lise Skartlien, Lars Hjerpsted (stabssjef  134 Luftving), og John Eirik Laupsa frå Luftsportforbundet..

Avtalen som er inngått har ein varighet på eit år, med seks vekers oppseiingstid. Plattforma som vart opna for drift i går er dimensjonert for 15 småfly, og småflymiljøet reknar med at det vert 10-15.000 årlege rørsler av småfly på Rygge. Nokre av fly flyr brannvakt i det skogrike fylket. Småflyverksemda på Kjeller utanfor Lillestrøm er ventet å ville opphøyra, ettersom Forsvaret verksemd der avsluttast og området er foreslått nyttast til andre føremål. Det gjer at GA-plattformen på Rygge har fått auka betydning i småflymiljøet på Austlandet.

- Vi er nøgde med å kunne legge til rette for småflymiljøet på Austlandet hjå skipinga av GA-plattformen på Rygge, seier David Halvorsen, direktør i Eiendomsforvaltning i Forsvarsbygg.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.