Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Klargjer for Trident Juncture

Vi sørgjer for at infrastruktur og leirar står klare til NATO-øvinga Trident Juncture. Dette var også ansvaret vårt når dei første førebuingane til øvinga starta opp i Åndalsnes i august.

Vi skal støtte Forsvaret i fred, krise og krig. Dette inneber å støtte Forsvaret med deira ansvar for å ta mot store NATO-styrkar til Noreg. Under Trident Juncture speler vi ei viktig rolle i både planlegging, gjennomføring og evaluering av øvinga.

- Ved sida av god planlegging, krev øvinga involvering av våre folk over heile landet. Vi må vere løysingsorienterte og makte å levere det Forsvaret treng til kvar ei tid. Dette er vårt ansvar, og det er noko vi tek på største alvor, seier direktør Thorbjørn Thoresen.

Leggje til rette for flytting av menneske og materiell
Trident Juncture består av fleire fasar, og ein viktig del av desse består av å flytte store mengder materiell, menneske og køyretøy frå hamner og flyplassar til øvingsområdet. Ein del av øvinga er å trene flytting av NATO sin hurtige reaksjonsstyrke. Denne øvinga blir kalla Brilliant Jump, og vil etter gjennomføring bli ein del av Trident Juncture. Ansvaret vårt vil vere å støtte transportplanleggjarar i Forsvarets logistikkavdeling på hamnene og i leirane våre. Vesentleg infrastruktur må vere på plass og leirar må klargjerast for eit storinnrykk av NATO-styrkar.

Frå Heimevernsleir til internasjonal base
I midten av august kom dei første italienske soldatane til Åndalsnes i Møre og Romsdal fylke. Med store mengder køyretøy og materiell førebur dei totalt rundt 200 utanlandske soldatane seg på sjølve øvinga som skal skje i haust. Setnesmoen leir, like ved Åndalsnes, er klargjort for mottaket. Den verna gamle leiren blir til vanleg brukt som base for Heimevernet. No har han fått kapasitet til ca. 300 mann.

Siv Therese Underland, eigedomssjef i Region Midt, fortel at eit grundig arbeid ligg til grunn for at soldatane så problemfritt som mogleg kan øve, trene og bu.

-  Vi har arbeidd med førebuingane til Trident Juncture i lang tid. Setnesmoen leir skil seg ut frå dei andre garnisonane i regionen, då det er mange tilgjengelege bygg i leiren. I andre leirar må vi byggje opp kapasiteten på overnattingsplassar. På Setnesmoen har arbeidet vårt i hovudsak bestått i kontroll på og oppgradering av el- og brannvarslingsanlegg, og oppussing av fasadar. I tillegg er kjøkenet oppgradert, fortel ho.

24 timar i døgnet
I tillegg til å sørgje for kost og losji til alle deltakarane, skal også leiren driftast undervegs. Dette ansvaret blir i hovudsak følgt opp av vår lokale driftsteknikar. Arbeidet til driftsteknikaren går ut på å sørgje for at alt fungerer undervegs.

-  Personellet vårt på drift har høg integritet og tek ansvaret for drift undervegs, både til vanleg og under øvinga. Det kan vere fortløpande reparasjonar og praktiske oppgåver. Alt må fungere 24 timar i døgnet, forklarer eigedomssjefen.

Ho legg til at ansvaret vårt er å sørgje for at alle eigedomar, bygg, anlegg og infrastruktur skal driftast og fungere i både fred, krise og krig.

-  I denne øvinga får vi trena på alt dette, i tett samarbeid med Forsvaret, poengterer ho.

Leverer det Forsvaret treng over heile landet
Dei første styrkane som no har kome til Åndalsnes, skal førebu mottak av, og etter kvart bli ein del av, den totale italienske styrken på rundt 2000 soldatar. Snart vil det vere NATO-styrkar på plass i store delar av landet. Totalt 41.000 soldatar og inntil 30 nasjonar kan ventast å vere i aksjon i løpet av øvinga. Då må vi sørgje for å vere klar.

Foto: Forsvaret

Om Setnesmoen leir

Setnesmoen leir ligg ved Veblungsnes, like sør for Åndalsnes i Rauma kommune i Møre og Romsdal fylke. Leiren har gjennom fleire hundreår vore det sentrale militære øvingsområdet og etablissementet i Møre- og Romsdal, og er i dag den einaste større militærleiren i fylket.

Setnesmoen har tradisjon som militærforlegning og dei seinare åra som base for Heimevernet. Setnesmoen er ein gammal ærverdig leir, og dei fleste av bygga i leiren er verna. Dei eldste leirbygningane vart reiste på slutten av 1800-talet. I tillegg til forlegningsområdet omfattar etablissementet også store skytefelt og øvingsområde.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.