Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Nøgde amerikanske soldatar

NATO-øvinga Trident Juncture var på dei fleste område ein suksess. På Værnes møtte vi ein nøgd campsjef og tre av hans soldatar i forkant av deira heimreise.

Trident Juncture har vore ei stor øving. Over 50 000 soldatar kom til Noreg for å øve på å forsvara landet vårt. Vi støtta Forsvaret og NATO i dette arbeidet ved å leggje til rette for campar, infrastruktur og drift 24 timar i døgnet. 

Campsjef

På Værnes møter vi US Marine Corps campsjef, kaptein John King, og tre av dei amerikanske soldatane som har delteke under øvinga. Det er berre nokre dagar igjen til deira heimreise etter omkring tre månadars opphald i Noreg.

- Den mellombelse infrastrukturen har fungert godt og vi har heile tida kunna kontakta Forsvarsbygg dersom vi har trunge noko, seier campsjefen.

Kaptein John King har vore ein av hovudplanleggarane for dei mellombelse campane på Værnes. Oppgåvene til campsjefen har vore å sørgje for køyretøy, gje innspel til øvingar, gje informasjon og å vera bindeledd (liaison). Soldatane hans har i tillegg gjeve støytte til campen på Frigård ved Stjørdal.

Dagleg kontakt

King fortel at han kom i kontakt med Forsvarsbygg i sumar, i samband med etableringa av fasilitetane.

- Samarbeidet med Forsvarsbygg starta i denne perioden. Under sjølve øvinga har vi hatt kontakt med arenaleiar og arenaleiaren sin avløysar dagleg, seier campsjefen.

- Dei har alltid stilt opp raskt og dei har ordna det vi har hatt behov for. Det kan vera ting som har vorte øydelagt, fasilitetar, nøklar vi har trunge eller andre ting. Dei har vore positive heile vegen og alltid funne ei løysing, uttrykkjer han.

Byta campområde

Ein stor del av øvinga har soldatane budd i hovudcampen som har plass til 2000 soldatar, men dei har også byta teltområde eit par gonger i løpet av øvinga. Hadde det vore opp til soldatane skulle campen låge meir sentralt til i leirområdet.

- Viss vi skulle koma med eit forbetringspotensial var det å ha fleire telt i «support-area» då dei fleste arbeidde her. Det vart litt langt å gå eit par kilometer frå hovudcampen kvar dag, uttrykkjer dei. 

Tilbake til USA

Dette er fjerde gongen kaptein John King er i Noreg. For dei tre soldatane er dette fyrste gongen.

Alle er dei godt nøgde med NATO-øvinga og opphaldet i landet vårt. No dreg soldatane tilbake til heimlandet sitt, USA.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.