Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Trivast i forsvarsbolig

 –God vaktmeisterteneste og oppfølging motiverer til eigen innsats på eigedommen, seier troppssersjant Vegar Ulsom.

Han og sambuaren Berit er fornøgd med både pris, liggjestad og vaktmeisterteneste i einebustaden dei leier på Rena.

Ulsom tjenestegjør på befalsskolen i Rena leir. I tillegg har han tre turar til Afghanistan og ein tur til Irak bak seg.  Han trivst i Forsvaret kor han har vore i totalt 12 år. Paret er nøgd med både bustaden og ikkje minst den oppfølginga dei får.

Rask service

-Huset er bra og prisen er låg sammenlikna med å leiga på den private marknaden, fortel Ulsom. Dei har budd i bustaden med tre soverom og ein liten plen i to år. Bustaden er oppførd i 1997 og har god standard.

-I tillegg funger vaktmestertjenesten svært godt . Dersom vi melder inn feil, så er røynsla vår at det vert teke raskt tak og gjerne vert fiksa i løpet av ein dag, seier han.

Bustads- og kvarter forvaltar Bjørn Sveen i Forsvarsbygg likar det han høyrer:

-Soldatane våre gjer ein viktig jobb for oss alle. Då skal dei bo bra, seier han og trekkjer fram driftsteknikarane Jon Halbakken og Frode Mikkelsen som står på og følgjer opp henvendelser.

-Sidan bustaden ligg utanfor leiren ligg det sjølvsagt òg eit ansvar på beboernes sjølv med å klippa gras, halda ting pent ute og så vidare.


Vinn-vinn situasjon

 -Vi må difor gje skryt til Vegar og Berit for å ta veldig godt vare på ting, held fram Bjørn.

 -Som du ser er grøntområda klipt, veden er stabla opp og ting er «på stell» her.  Det er ingen sjølvfølgje, men gjer jo at levetida til bustaden aukar, samstundes med at det vert trivelegare å bu her sjølvsagt.

 Ulsom smiler: -Det er hyggeleg å høyra. Det er nok først og fremste dama som skal ha mye skryt for det. Ho er veldig flink og tek tak i ting, seier han.

 –Samstundes er det motiverande å gjera ein egeninnsats når vi følar at ting vert følgd opp, og vi kjapt får svar på henvendelser. I tillegg får vi nyttig informasjon, til dømes om kva vi bør gjera i huset når vintersesongen nærmar seg.

 Han trekkjer fram eit anna døme:

Vi nemnde til Forsvarsbygg at vi sannsynlegvis kom til å beisa terrassen. Då stod det beis hos oss dagen etter, utan at vi måtte betala for det. Det er service, og noko som motiverer til å gjera ein liten innsats sjølv for å ta vare på huset vi leiger, fortel han. 

 -Det er ein «vinn-vinn» situasjon for begge. Forsvarsbygg tilbyr dei ein god bustad til bra pris, yter god service og oppfølging, samstundes som dei sjølv held ting i orden og tek initiativ. Då vert resultatet bra, avsluttar ein nøgd bustads- og kvarter forvaltar.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.