Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Unge leiarar på leiarkonferanse hjå Forsvaret

I går arrangerte Forsvaret leiarkonferansen «Modig Ledelse» for unge leiarar i sektoren. Frå Forsvarsbygg deltok fem unge medarbeidarar med leiaransvar.

Thorbjørn Thoresen, direktør Forsvarsbygg gjev uttrykk for at Forsvarsbygg ynskjer å fremme medarbeidarar som tek på seg leiaransvar.
- Det er viktig at unge leiarar frå Forsvarsbygg er til stades på ein slik arena. Ikkje berre for å utvikle seg som leiar, men og fordi konferansen er viktig med omsyn til å skape gode nettverk og samhandlingsplattformar i forsvarssektoren, seier Thorbjørn Thoresen.

Dei som møtte på konferansen frå Forsvarsbygg vart valt ut på bakgrunn av kjønn, type leiarstilling og geografisk spreiing.
- Vi ser fram til konferansen. Ikkje minst blir det interessant å høyre kva forsvarssjefen vil formidle om modig leiarskap, sa dei unge leiarane frå Forsvarsbygg då konferansen tok til.

Mot til å vere tro mot seg sjølv
Den raude tråden i konferansen var «mot». Mot til å aksle leiarrollen med alt det inneber, og mot til å ta dei rette avgjerslene. Konferansen er ledd i arbeidet med å utvikle framtidige leiarar i forsvarssektoren. Bland foredragshaldarane var kjende namn som OL-meistaren og alpinisten Aksel Lund Svindal, sentralbanksjef Ida Wolden Bache og ikkje minst forsvarssjef Eirik Kristoffersen.

I opningsforedraget sa Lund Svindal at for han har det vore ei rettesnor å ta avgjersler han sjølv har trudd eitt hundre prosent på.
- Eg ser ikkje hensikt i å ta val dersom ein ikkje trur fullt og heilt på dei. Det kan koste deg å ha ei slik innstilling, men i ein prestasjonsbasert kultur er det det som skil dei aller beste frå dei andre, sa han til ei lydhør forsamling med fleire hundre unge leiarar frå heile forsvarssektoren.

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.