Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Forsvarsbygg sine oppgåver

Det viktigaste arbeidet Forsvaret gjer, er å forsvare landet vårt. Oppgåva vår er å syte for at Forsvaret har effektive og fleksible fasilitetar for å øve, lære og bu, og kostnadseffektive løysingar som gjer at vi frigjer ressursar til å styrkje kjerneverksemda i Forsvaret. På den måten bidreg vi til å byggje forsvarsevne, kvar einaste dag.

Rådgjeving om sikring av bygg, kulturminnevern og avhending er også viktige bidrag til å frigjere midlar for å styrkje Forsvaret si operative evne. Ringverknadene av våre aktivitetar treffer innbyggjarar i heile Noreg, både i og utanfor Forsvaret.

Forvaltingsmodellen i forsvarssektoren synleggjer kostnadene for eigedom, bygg og anlegg (EBA) og gjer forvaltinga effektiv. Forsvarsdepartementet eig eigedomane som forsvarssektoren bruker, og avgjer korleis desse skal brukast og utviklast. Forsvarsbygg har ansvaret for å utvikle, byggje, vedlikehalde og drifte EBA som forsvarssektoren betaler leige for. Forsvaret er leigetakar og brukar. Dei prioriterer ut frå sine behov og stiller krav. Forvaltingsmodellen er vedteken av Stortinget.

VI PLANLEGG, BYGGJER OG DRIFTAR

Vår jobb er å ivareta eigedom, bygg og anlegg i forsvarssektoren. Vi syter for alle oppgåver innanfor utvikling, bygging, utleige, drift og vedlikehald.

VI VERNAR OG SIKRAR BYGG OG ANLEGG

Nasjonalt kompetansesenter for sikring av bygg er statens rådgjevar for vern og sikring av eiendom mot eksplosjonsulykker, terrorhandlingar, spionasje, sabotasje og annan kriminalitet. Kompetansesenteret leverer tryggleiksfagleg rådgjeving til alle større byggeprosjekt i forsvarssektoren og staten elles.

VI TEK VARE PÅ MILJØET

Vi har eit spesielt ansvar for miljøutfordringane i forsvarssektoren. Vi har den fremste kompetansen i landet på miljøutfordringar innanfor ureining og støy ved påverknad frå militær aktivitet og øvingar. Stadig meir spesialiserte krav for sektoren blir ivaretekne og oppfylte.

VI TEK VARE PÅ KULTURMINNE

Både verna og ikkje-verna bygningsmasse utgjer ein stor samfunnsressurs med mykje potensial. Vår kulturminnefaglege rådgjeving bidreg til løysingar for å ivareta kulturminneinteresser og sameine verneomsyn med optimal bruksfunksjon. Vi gjev råd til heile offentleg sektor.

VI SKAPER NYTT LIV PÅ HISTORISK GRUNN

Forvaltinga av dei nasjonale festningane handlar om å gjere festningane tilgjengelege for publikum heile året. Vi legg til rette for utvikling av festningane i ein forretnings- og samfunnsprega balanse som er verdiaukande og med mål om auka sjølvfinansiering.

VI AVHENDAR EIGEDOM

Militære eigedomar som er tekne ut av teneste blir avhenda av oss. Avhendinga omfattar alt frå sal til miljøopprydding, tilrettelegging for sivil bruk og prosessen fram til nye eigarar tek over. Dette tilfører midlar til forsvarsbudsjettet og fritek forsvarssektoren for framtidig drifts- og oppryddingsansvar.

 

Fant du det du lette etter?