Lokalsamfunna blir påverka
Ei rekkje lokalsamfunn er prega av aktivitetane våre ved at vi byggjer og held ved like ulike militære installasjonar. Det er viktig for oss å vere ein positiv bidragsytar i desse samfunna, både for innbyggjarane og lokalt næringsliv.
Ureiningar blir rydda og reinsa
Dei eigedomane Forsvaret ikkje lenger treng, blir avhenda - altså miljøsanerte, rivne eller selde. Det er viktig for oss å levere tilbake eigedom i god stand og ikkje forlate ureina eigedom. Vi ryddar og reinsar opp etter at vi forlèt eigedom, anten det gjeld grunn-, vass-, luft- eller støyureining.
Kulturskattane våre blir tekne hand om
Gjennom dei nasjonale festningsverka vi forvaltar, har vi òg eit vesentleg ansvar for nasjonalt kulturminnevern. Vi syter for nytt liv på historisk grunn ved å skape aktiv forvalting og nytte av festningsverka våre.
Vårt bidrag til å gjere Noreg tryggare
Trugsmålsbiletet i dag stiller nye krav til sikring av viktige funksjonar i samfunnet. Vårt nasjonale kompetansesenter for vern og sikring av staten sine eigedomar, bygg og anlegg, skal vere det fremste miljøet i landet når det gjeld å utvikle kunnskap og løysingar for å tryggje Noreg.