Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Om avhendingstjenestene

Vi kan yte hjelp til å gjennomføre konkrete avhendingsoppdrag fra A-Å, eller bidra med å gjennomføre delar av eller gje råd undervegs i avhendingsprosessen.

Inga avhendingsprosjekt er like, og ulike situasjonar krev ulike tilnærminger. I enkelte tilfelle gjennomføres miljøtiltak parallelt med forebuing av sal.

Analyse og strategiarbeid
Vi kan kartleggje kva som kan gje større verdi dersom du veljer å selje, og kva du bør eige eller leige. Vi kan:

  • Kartleggje din eigedomsportefølje
  • Gjennomføre eigedomsanalyser
  • Yte hjelp med å arbeide ut eigarstrategi

Gjennomføring av sal og tilretteleggje for ny bruk
Vi kan yte hjelp til sjølve salet, men ôg å rydde opp og leggje til rette for annan bruk. I samband med å leggje til rette for ny bruk kan vi yte hjelp til å:

  • Rive bygg, rydde og tryggje eigedom
  • Miljøsanere grunn og sjøbotn
  • Endre føremål - tiltak for å auke verdien

Etterbruk
Mange av eigedomane som vi avhender har vorte nytta til tung militær aktivitet. Ein del av eigedomane er forureina og øydelagt og vi ryddar mange av desse før dei leggast ut for sal. Tidlegare militære område og eigedom blir i dag nytta til eit mylder av ulike sivile verksemder og aktivitetar.

Vi ryddar før vi forlet ein eigedom
Vi har eit mål om at det ikkje skal finnast forureining på eigedomane vi avhender. Dersom vi finn forureining, ryddar vi opp før vi sel. Dette er tøffe forpliktinger som vi tek på alvor.

Fant du det du lette etter?