Forebuing
Det er eit omfattande regelverk som styrer avhending og anskaffing av offentleg eigedom. Samstundes er eigarskapstilhøva for offentleg eigedom ofte kompliserte. Når den valde strategien skal gjennomførast, kan vi mellom anna gje råd i juridiske, miljøtekniske og vernefaglege spørsmål. I tillegg til vår avhendingskompetanse, sit Forsvarsbygg med intern kompetanse innanfor eigedomsjuss, miljøsanering og vernevurderingar.
Salsleiing
Sal av offentleg eigedom omfattar alt frå lett omsetjelege eigedomar i sentrale strok til spesielle objekt i marginale marknader. Sala blir leidde av prosjektleiarar med støttepersonell, og blir gjennomførte i samarbeid med etablerte underleverandører ein har rammeavtalar med.