Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Tilstandsanalyse: Rosenkrantztårnet i Bergen

 

Rosenkrantztårnet ved Bergenhus festning er eit nasjonalt viktig minnesmerke. Bygningen vert forvalta av Statsbygg, medan Bymuseet i Bergen har ansvar for nytta. I lang tid har det vore problem med vatn i murverket.

Vi har utført ein tilstandsanalyse i samsvar med Norsk Standard (*NS 3424) nivå 2 . Vi har òg prosjekteringsansvar for arbeida som skal utførast, og har utarbeidd ein rapport over tårnet sitt bygnings- og restaureringshistorie.

Bakgrunn

Rosenkrantztårnet har ei samansett bygningshistorie, med murverk frå ca. 1270–1960-åra. Den eldste delen vart oppførd av Kong Magnus Lagabøte som kombinert forsvars- og residenstårn. I 1520-åra vart det oppført eit høgt tilstøytande forverk av mur. Desse to konstruksjonane vart i 1560-åra innlemma i eit nytt og høgare tårn, oppført av lensherre Erik Rosenkrantz. Tårnet hadde saltak med omliggande vektergang. På 1800-talet gjennomgjekk bygningen fleire restaureringar og endringar av takformen. I 1944 vart tårna ramma av ein enorm eksplosjon, der store delar av murverk og bjelkelag falle saman. Restaureringa og gjenoppbygginga pågikk fram til 1966, då tårna opna for publikum. Ved gjenoppbygginga vart det nytta sementbasert mørtel. Taket og dei øvre dekka vart utført av plasstøpt betong. Utvendig puss vart hugga vekk og murverket eksponert.

I heile levetida til tårnet har det vore problem med vanninntrengning, dels frå tak og vektergang og dels gjennom vindaugsopningar og murverk. Dei siste tiåra har dette vore freista løyst med ulike moderne produkt, impregnering og silikonfuger, utan at dette har hatt ynskt effekt.

Rosenkrantztårnet er automatisk freda etter kulturminneloven § 4, sidan store delar av murverket er frå mellomalderen.

Mørtelskadar og rødlista vegetasjon

Det vart gjort enkelte arkivstudium i forkant av synfaringa for å få kunnskap om historia til tårnet, tidlegare istandsetting og vedlikehaldsarbeid. Den første tilstandsvurderinga var basert på visuelle observasjonar ute og inne, med berre mindre utkrassing av fugar. Bruk av lift gav tilgjenge til murane på nært hold. Vi hadde òg tilgjenge til ein georadarundersøking, som avdekker veikskapar i muren.

Det er ikkje registrert vesentlege konstruktive svekkelser, men utvendig murverk og fugar har omfattande skadar. Fugene er dels lause og utfalne, og det er mykje fukt i murverket. Dette resulterer i frodig vekst av murburkne, ein rødlista art som er vanleg i kalkmurverk. Innvendige skadar, som pussavskalling og fukt/råte i treverk, aukar i øvre del av bygningen. Dette saman med andre symptom tyder på at ei vesentleg årsak til fuktsamlinga vert skulda lekkasjar frå vektergangen.

Kleberstein, både i kvadere og skulpturar, har dels store svekkelser og forvitring av steinen. Innmurte jarn fører òg stedvis til *rustsprengning.

Det er omfattande råteskadar i nyare trevinduer og lemmar samt delar av golv innanfor i 3. etasje.

Vidare arbeid

I tilstandsanalysen sommaren 2014 konkluderte vi med at det er naudsynt å gjera ytterlegare undersøkingar av:

•råteskadar i dekker og innmurte bjelkar

•vektergangen

•klebersteinskulpturane

Mycoteam har undersøkt bjelkelaga og kome til at det ikkje er alvorlege svekkelser i konstruktive ledd, berre mindre råteskadar. Det skal no gjerast inngrep i vektergangen for å få kunnskap om konstruksjonen, membranløysing mm. Etter kvart må det innhentast ekspertise/steinkonservator som kan undersøkja klebersteinelementa.

Murverket er grundigare vurdert av oss i 2015 . Det vart avdekt ytterlegare veikskapar i murverket, blant anna er pinningen delvis utført slik at det vert danna vannlommer på fasaden. Som strakstiltak er det naudsynt å hugga ned lause element, som pussbitar og noko pinningsstein, slik at delar ikkje fell ned.

Eit vesentleg spørsmål er om bygningen skal pussast eller ikkje. Dette rører både bygningstekniske og vernefaglege aspekt og vil vera av prinsipiell tyding for restaurering av tilsvarande mellomalderbygningar av mur. Statsbygg og Forsvarsbygg legg an til ei brei fagleg drøfting om dette.

 

Bilder

Image "1.JPG" without description

Rosenkrantztårnet er ein markant del av Bergenhus og har høy symbolverdi.

 

Image "2.JPG" without description

Fugane er spekket med sementholdig mørtel som sperrer fukt inne. Pinningsstein ligg dels som utstikkande vannhyller i muren.

 

Image "3.JPG" without description

Ulike typer reparasjonsmørtel frå siste del av 1900-tallet. Nedbrutt mørtel og gode vekstforhold for rødlistearten murburkne.

 

Image "4.JPG" without description

Enkelte pinningsstein er satt på høykant og er løse.

 

Image "5.JPG" without description

I vindussmygene løsner mørtel i store bitar. Lekkasjer er tidligere forsøkt tetta med silikonfuger.

 

Image "6.JPG" without description

Ein yppig skulptur frå 1563. Det eine brystet er reparert og festa med jernbolt, trolig på 1800-tallet. Rustsprengning gjer sprekkar i steinen.

 

Image "7.JPG" without description

Klebersteinsomramningene har gipsutfellinger i form av sorte skorper. Enkelte skulpturer er sterkt forvitra.

 

Image "8.JPG" without description

Mange steder kommer fritt vann ut av muren. Dette tyder på at vann renn ovenfra og ned i murverket.

 

Image "9.JPG" without description

De flotte jernvinduene frå 1848 har store rustskader.

 

Image "10.JPG" without description

Rundt det skifertekte saltaket går en vektergang. Alt tydar på at denne har lekkasjer.

 

Image "11.JPG" without description

Under vektergangen er det store kalkutfellinger i muren, noe som tyder på fuktgjennomgang.

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.