Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Rustan leir

Frå rakettar til rekreasjon

Før

Brukt som:
Luftvernsystem
Beregnet for:
Bakke-til-luft missilsystem

Etter

Brukt som:
Tursted
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel

I 30 år var Rustan leir vest for Store Sandungen i Vestmarka ein av hovedstadens viktigaste forsvarsinstallasjonar.

 

Området, også kjent som NIKE-batteriet i Asker, var ein del av eit luftvernsystem med rakettoppskytingsfelt sentral plassert på Østlandet. NIKE var navnet på eit bakke-til-luft missilsystem der man frå bakken kunne treffe objekter over større avstandar. Utstyret til NIKE-bataljonen vart levert til det norske forsvaret gjennom den amerikanske våpenhjelpen. Bataljonen bestod av batteriet i Asker samt tre andre batterier plassert på Våler, Trøgstad og Nes. Batteriet var operativt frå 1960.

Heimevernet

Batteriet i Asker var på meir enn 100 mål og var fram til 2004 disponert av Stor-Oslo Heimeverndistrikt. Sjølve batteriet var operativt fram til 1991. Området bestod av fleire bygningar, og nokon av dei er freda. Dei fleste bygningane er framleis intakte, mellom anna dei tre utskytingsseksjonane. Ein kan framleis sjå ein radom frå 1970 og ein bunker på staden.

Rekreasjon og friluftsliv

Asker kommune ynskte lenge å kjøpe området, men Løvenskiold Skog AS hadde forkjøpsrett til eigedommen og kjøpte området av oss i 2007. Vi gjennomførte ei miljøanalyse og rensa og rydda myrområdet og den gamle søppeldynga. Området vart til slutt seld til Løvenskiold Skog AS for 4,8 millionar kroner.

I dag er området eit populært tursted både sommer som vinter og mang ein Askerværing har tatt sine første stavtak nettopp i dette området.

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.