Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Ski magasinleir

Frå 100 år med depot til miljørydda eigedom

Før

Brukt som:
Lager
Beregnet for:
Artillerimateriell

Etter

Brukt som:
Miljørydda eigedom
Beregnet for:

Jernbanen vart opna forbi Ski i Kråkstad herred i 1879, som i dag er Ski kommune i Akershus fylke. I 1896 vart nødvendig grunn kjøpt frå Finstad gård av Feltartilleriregiment nr. 1, med mål om å byggje ein depotplass for regimentet.

 

Ved sida av jernbanen og jordbruket vart depotet den største arbeidsplassen i Ski. I 1902 vart ytterlegare areal kjøpt frå Monsrud gård. Magasinleiren og Monsrud leir vart bygga over ein lang periode, frå 1897 til 1920. Frå hovudporten i nord såg Magasinleiren ut som eit U-forma tun.

Artillerimateriell, trekkvogner og handvåpen

I Magasinleiren vart det lagra artillerimateriell, trekkvogner for ammunisjon og skyts, kvartermateriell, handvåpen og anna for artilleristane. Vognmagasina vart òg innretta for stallbruk. I den første tida omfatta leiren verkstadbygningar, magasin, kjøkkenbygning, oppsynsmannsbustad og ammunisjonshus. Under andre verdskrigen var cirka 600 tyske soldatar stasjonerte ved Ski depot. Etter krigen og fram til 1993 nytta Artilleriregiment 1 eigedommen som lager.

Møblar og lopper

I 1995 vart delar av leiren kassert og leiga ut til private. Eit av dei over 100 år gamle vognmagasina vart mellom anna nytta til lagring av møblar og lopper. Ski Magasinleir vart selde til ein privat investor i 2006.

Miljørydding i tre fasar

På Ski vart det gjennomført miljørydding i tre fasar: miljøkartlegging, utarbeiding av tiltaksplan og til slutt iverksetjing. Forslaget til tiltaksplan vart godkjent av SFT, og vi har rydda området til eit nivå som tilfredsstiller framtidig arealbruk. Kartlegginga avdekka mellom anna ei 1300 kvadratmeter stor søppelfylling bak ein av magasinbygningane som inneheldt avfall av tre, metall, bildekk, glas og anna riveavfall.

Rydding

Det vart til saman grave ut 1020 tonn ureina masse, tilsvarande om lag 80 lastebillass, og 1500 tonn avfall. Der det var praktisk mogleg, vart avfall sortert ut og levert til godkjent mottak. Avgravne område vart dekka til med minimum 0,25 meter med reine vegetasjonsmassar og sådde til med stadlege gras- og buskvekstar. Miljøryddinga har kosta om lag 2,5 millionar kroner.

Å ta vare på kulturminne

Den steinsette brønnen ved magasinbygningen vart fylla opp med pukk i tsamsvar med retningslinjer for sikring og ivaretaking av kulturminneavdelinga i Forsvarsbygg. Muren er framleis godt synleg i terrenget.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.