Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Evjemoen i Setesdalen

Frå militærleir til næringspark

Før

Brukt som:
Militærleir
Beregnet for:
Skule/opplæring og repetisjonsøvingar

Etter

Brukt som:
Næringspark
Beregnet for:
Lett industri,sal og servicefunksjonar, kurstilbod, kompetanseheving og arbeidsplassar
Evjemoen ligg ved Evje i Setesdalen om lag 7 mil nord for Kristiansand. Sjølve leirområdet ligg på dei relativt flate elvebankane på austsida av Otra-elva. Evjemoen har to hovudområde, nordre og søre leir.

 

Nordre leir inneheld mellom anna ei gruppe magasinbygningar. Søre leir har mellom anna eit sentralt forlegningsområde med kasernar, messebygning og offisersforlegningar.

Ekserserplass for Rogaland Infanteriregiment

Evjemoen vart etablert i 1912 som ny øvingsplass for Rogaland Infanteriregiment nr. 8 (IR8) i samband med innføringa av ny hærordning i 1911. Leiren kom som erstatning for Madlamoen, der regimentet hadde møtt tidlegare. Det vart byggja store vinterisolerte soldatkasernar under første verdskrigen. Evjemoen viste seg likevel å vere lite eigna for IR8, som trekte seg ut etter få år. Leiren vart nytta til skule/opplæring og repetisjonsøvingar fram til andre verdskrigen då okkupasjonsmakta på nytt etablerte leiren og bygde ut eit større område i sør.

Ein offensiv region

Nedlegginga av leiren førte til at kommunen mista om lag 250 arbeidsplassar, noko som svarte til 20 prosent av arbeidsplassane i kommunen. Det sette sine spor for lokalsamfunnet som på nedleggingstidspunktet hadde rundt 3000 innbyggjarar.

Evje og Hornes kommune møtte denne situasjonen på ein offensiv og kreativ måte. Som ein del av omstillingsarbeidet kjøpte kommunen Evjemoen leir. Kommunen la opp til ny næringsetablering i lokala til Forsvaret, og allereie ved oppstarten venta tolv etablerarar på å komme på plass. I dag blir leiren drifta av Evjemoen Næringspark AS.

Stor næringspark

Det om lag 880 dekar store området har ein bygningsmasse på rundt 60 000 kvadratmeter. Nordre leir er lagd til rette for lett industri, midtre del for sal og servicefunksjonar, mens søre del er tyngdepunktet for kurstilbod, kompetanseheving og kompetanseintensive arbeidsplassar. I dag held om lag 40 verksemder til på området og gir arbeidsplass til over 100 personar.

Foto: Forsvarsbygg

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.