Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Eggemoen

Frå tysk flyplass til fartsleik og industriutvikling

Før

Brukt som:
Flyplass
Beregnet for:
Flyplass for tyske småfly

Etter

Brukt som:
Næringsverksemd
Beregnet for:
Næringsverksemd

 

Eggemoen leir vart bygga av den tyske okkupasjonsmakta under annen verdskrig. Leiren vart eigentlig laga som ein flyplass for tyske småfly og vart bygga av russiske krigsfanger som vart haldt i eit fengsel like ved Eggemoen.

Den første tida etter krigen vart flyplassen nytta av Østlandske flyselskap A7S (ØF) som dreiv flyskule og taxiflyving. Dette held fram til 1954 då flyselskapet flytta til Fornebu. I 1954 tok Ingeniørkompaniet/Brigaden i Sør-Norge over leiren som sin standplass. Dette held fram til 1963 då Ingeniørvåpenets skole- og øvingsavdeling tok over leiren for å nytte den som øvingsplass.

I 2001 flyttet Ingeniørregimentet sine soldatar til Hvalsmoen og Forsvarets avslutta sin aktivitet i området. Vi tok over leiren i 2003.

Leiren omfatta bygningar som var satt opp under annen verdskrig, samt nyare bygningar oppført så seint som 1990-tallet. Ein del av brakkene vart seinare selde til boligformål.

Fartsleik og industriutvikling

Østre del av Eggemoen leir vart selde for 23 millionar kroner i 2008. I 2005 samarbeida vi med Tronrud Engineering AS, som kjøpte eigendommen, om planar for ein samstemt utvikling av området. I den forbindelse vart det lyst ut ein arkitektkonkurranse der hovudinnhaldet for utviking av området skulle være industriutviking, motorsport, flyplass og luftsport.

Tronrud har investert fleire hundre millionar kroner til utvikling av området som i dag er tilhaldssstad for ulike motorsportgrupper. Flyplassen er i dag nytta til privatflyging med småfly, samt til helikoptertrafikk. Nokon av dei som holder til i den gamle leiren er Ringerrike Motorflyklubb og Ringerrikes seilflyklubb.

 

Foto: Scanpix

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.