Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Fleskerud skytefelt

Frå militære skytebanar til frilufts- og hytteområde

Før

Brukt som:
Skytefelt
Beregnet for:
Skytebanar

Etter

Brukt som:
Frilufts- og hytteområde
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel

 

Fleskerud skytefelt ligg 2 km nord for den nordre enden av Steinsfjorden i Ringerike kommune i Buskerud.

Skytefeltet, som har vore i militær bruk sidan 1907 og utgjer 180 mål tomt på leigd grunn, har vore bygt om fleire gonger. Det har vore tre skytebanar i bruk på anlegget, ein 300-meters skytebane, ein 200-meters skytebane og ein 100-meters skytebane. Forsvaret har ikkje brukt skytefeltet på Fleskerud sidan 2003.

I samband med at Forsvaret bestemte at Fleskerud ikkje lenger skulle brukast, vart området planlagt tilbakeført til dei fire grunneigarane som eig området som skytebanen vart laga på 1907, men først måtte nødvendig opprydding og miljøtiltak gjennomførast.

Miljøprosjekt i tre fasar

På Fleskerud skytefelt vart miljøprosjektet gjennomført i tre fasar: miljøkartlegging, utarbeiding av tiltaksplan og til slutt iverksetjing. Forslaget til tiltaksplan vart godkjent av Fylkesmannen i Buskerud og Hole kommune som lokal ureiningsstyresmakt. Vi har rydda området til eit nivå som minst tilfredsstiller krava ved framtidig arealbruk som friluftsområde og hyttefelt.

Synleg skrot rydda

Formålet med ryddinga var å fjerne ureining slik at det ikkje skulle vere farleg for framtidige brukarar av området. Dessutan skulle avrenning som kunne ha konsekvensar for vassdraget nedstraums, reduserast. Synleg skrot som tomhylser, jernbanesviller, treverk, stolpar, skilt, blinkar med meir blei fjerna, og standplasshus og tre- og betongklossar som ikkje kunne brukast på nytt, vart fjerna.

Omfattande ryddejobb av ureina masse

Om lag 6559 tonn masse vart fjerna sommaren 2007. Alt vart levert til godkjent mottak hos NOAH på Langøya ved Holmestrand. Bortkøyringa vart gjord med lastebil, og over 200 lastebillass med ureina masse er henta ut frå området. Kostnaden for tiltaka ligg på i overkant av 5 millionar kroner. Skråningar vart slakka for å hindre erosjon, og eit 0,2 meter tjukt lag med rein masse blei lagd på over alle avgravne område for å skape eit vegetasjonslag. Etterpå vart områda tilsådde. Bekkene som renn gjennom området, vart òg reinsa for ureina sediment og steinsette for å hindre erosjon. Kontroll av vasskvaliteten i bekken vil bli utført årleg til og med 2010.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.