Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Heistadmoen på Kongsberg

Frå tenestebustader til sivile bustader

Før

Brukt som:
Utdanningssenter for befal og soldatar
Beregnet for:
Leir, skyte- og øvingsfelt

Etter

Brukt som:
Sivile bustader
Beregnet for:
Styrking av den lokale busetnaden
Militær verksemd i Kongsberg har lange tradisjonar. Allereie etter etableringa av den norske Hæren i 1628 vart det laga ekserserplassar rundt sjølve byen.

 

Moderne militær verksemd vart det først i 1909 då Heistadmoen leir vart etablert omlag 10 kilometer frå Kongsberg.

Heistadmoen leir, med tilhøyrande skyte- og øvingsfelt i tilknyting til leiren og på Hengsvatn, har vore eit betydeleg utdanningssenter for befal og soldatar til infanteriet. I 1994 starta nedlegginga av avdelingar. Nedbemanninga fram til i dag har resultert i ein reduksjon frå omlag 300 til omlag 60 faste tilsette og bortfallet av eit mannskap på cirka 1000 i ein permanent utdanningsinstitusjon.

Tomme tenestebustader

Etter at Forsvaret reduserte aktiviteten på Heistadmoen, vart store delar av Heistadmoen bustadfelt fråflytt, og dei tidlegare tenestebustadene vart ståande ledige. Resultatet var mellom anna at den lokale barneskolen, Berg skole, sat igjen med svært få elevar.

Over 30 bustader selde til sivile

Eitt av måla våre var å få nytt liv i bustadfeltet. Gradvis har bustadene på Heistadmoen blitt selde til sivile. Berre tre bustader vart lagde ut for sal om gongen for ikkje å mette marknaden, og etter kvart vart interessa for bustadene vekka. Ved utgangen av 2007 var 33 bustader i Heistadmoen bustadfelt selde.

Salet av bustader på Heistadmoen har ført til ei styrking av den lokale busetnaden i dette området av Kongsberg kommune. Familiane har flytt inn i bustadene på Heistadmoen og skapt nytt liv i bustadfeltet. Og for Berg skole er no moglegheitene for å fylle klasseromma langt større.

Aktivitetspark

Positiv etterbruk var eit prioritert mål for oss når delar av Heistadmoen militærleir skulle avhendast. Representantar for kommune og næringsliv vart tidleg inviterte til ein idédugnad for å komme med tankar om god etterbruk. Det kom fram idear om idrett, kultur og friluftsliv, utdanning, næringsverksemd og bustader.

Eitt av forslaga som fekk stor oppslutning på idédugnaden, var Heistadmoen aktivitetspark. Kongsberg kommune planlegg å setje i gang dette prosjektet. Dette skal bli ein aktivitetspark der eit breitt spekter av idrettsaktivitetar skal stå sentralt.

Foto: Forsvarsbygg

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.