Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Helgelandsmoen

Frå militært kompetansesenter til næringspark med idrett og kultur

Før

Brukt som:
Militært kompetansesenter
Beregnet for:
Hærens utdannings- og kompetansesenter

Etter

Brukt som:
Næringspark med idrett og kultur
Beregnet for:
Utleige og næringsverksemd

 

Helgelandsmoen leir ligg omlag 6 kilometer sørvest for Hønefoss i Hole kommune i Buskerud der Storelva renn ut i Tyrifjorden.

Allereie i 1868 var dette ein ekserserplass, og leiren har ei lang militær historie. Omorganiseringar i samband med innføring av den nye hærordninga i 1887 gjorde det gamle ønsket om å samle musketerkorpsa frå Hallingdal og Valdres aktuelt igjen. Etter rekognoseringar vart Stormoen ved Storelva sørvest for Norderhov kyrkje vald. Området var eigna for realistiske øvingar i kompaniforband og hadde ei sentral plassering utanfor dei aktuelle dalføra.

Hærens utdannings- og kompetansesenter

Under andre verdskrigen bygde tyskarane ein del nye bygg i leiren. Etter krigen auka aktiviteten, og i 1950- og 60-åra vart det gjort store investeringar med nye kjøkken, messer og forlegningar, verkstadbygg, ammunisjonshus, garasjar og idrettsanlegg. Helgelandsmoen vart etter kvart ein del av Hærens utdannings- og kompetansesenter og var den første store eigedommen vi selde. Bygningsarealet var på 36 000 kvadratmeter og tomtearealet på 400 dekar.

Gjere ein skikkeleg jobb i alle ledd

I 2004 slo sju lokale næringsdrivande seg saman i Helgelandsmoen Næringspark AS og kjøpte Helgelandsmoen leir. Selskapet leiger ut lokala. – Det har vore krevjande, men vi har gått med overskot heile tida, fortel dagleg leiar Bjørn Hartz. Dei overtok ein tom leir utan ein einaste leigekontrakt. Filosofien er å gjere ein skikkeleg jobb i alle ledd. – Viutviklar stadig og satsar særleg innanfor idrett. -Vi byggjer no kommunal symjehall i samarbeid med kommunane Hole og Ringerike. Vi har òg 40 mål tomt regulert til bustader, seier Hartz. Næringsparken satsar òg innan industri- og næringsverksemd og kultur. Her held om lag 14 kunstnarar hus, mellom andre målaren Thomas Klevjer og skulptør, målar og biletkunstnar Per Inge Bjørlo. Det er om lag 30 leietakarar og 150 arbeidsplassar i leiren. I 2010 husar den tidlegare leiren fleire bedrifter og er ei blomstrande næringsarena.

General Hotell

General Hotell (31 rom) er ein ombygd kaserne, og saman med Helgelandsmoen Kurs- og Messesenter tilbyr dei overnatting, mat og lokale for møteverksemd og mindre sals- og utstillingsmesser. Senteret rommar tre store hallar, fleire undervisnings- og grupperom, kantine og garderobar. Hotellet er ansvarleg for drift av overnatting og servering på senteret til NIMI.

Hjelp24 NIMI

I den tidlegare offisersforlegningen har NIMI eit rehabiliteringssenter med kapasitet til 85 pasientar for postoperativ trening og behandling av sjukleg overvekt. NIMI brukar det opphavlege utandørsbassenget og gymsalen. Leger, fysioterapeutar, ein ernæringsfysiolog, psykologar, sjukepleiarar og idrettspedagogar hjelper dei overvektige.

 

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.