Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Kongsgårdmoen på Kongsberg

Frå våpenarsenal til kompositt for jagarfly

Før

Brukt som:
Lagerverksemd for våpen og utstyr
Beregnet for:

Etter

Brukt som:
Komposittfabrikk
Beregnet for:
Kommunal næringsutvikling
Militær verksemd har lange tradisjonar i Kongsberg. Allereie etter etableringa av Hæren i 1628 vart det laga ekserserplassar kring sjølve byen.

 

Det har såleis vore ekserserplassar på Ekermoen, Nedre Berg og ved Tuft kyrkje. Moderne militær verksemd blei det først ved etableringa av Heistadmoen leir i 1909 og Vestre Oslofjord Forsvarsdistrikt/IR 3 og seinare befalsskole.

Arsenalet på Kongsgårdmoen

Dei tyske invasjonsstyrkane var den første militære brukaren av området på Kongsgårdmoen. Her vart det bygga eit lager, og området vart òg nytta til fangeleir.På Kongsgårdmoen har Forsvaret hatt lagerverksemd for våpen og utstyr heilt sidan krigen. Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) ved Forsyningslager Sør-Norge var siste militære brukar fram til verksemda vart nytta i 2004.

Kommunal næringsutvikling

Kongsberg Gruppen hadde behov for utvidingar, og Kongsberg kommune var oppteken av å sørgje for å få utvidinga innanfor kommunegrensa. Valet var difor lett då arsenalet kom for sal. Eigedommen var godt eigna for større industribygg. Kommunen nytta forkjøpsretten på eigedommen og selde han vidare til Kongsberg Gruppen.

Gedigen komposittfabrikk

I 2007 vart i grunnsteinen til eit nytt industrieventyr lagd då Kongsberg Gruppen starta bygginga av eit enormt fabrikkbygg på omlag 30 000 kvadratmeter på området. Bygget blir rekna for å vere det største industribygget under bygging i Norden. Det er i tillegg lagt til rette for vidare utbygging av fabrikken.

Fleire hundre nye arbeidsplassar

Komposittfabrikken til Kongsberg Gruppen skal produsere delar til kampflyet Joint Strike Fighter, men kan òg produsere delar til andre jagarfly. Fabrikken kjem til å skape fleire hundre nye arbeidsplassar i Kongsberg.

 

Foto: Forsvarsbygg og Scanpix

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.