Hopp til hovedinnhold Hopp til bunnen av siden
logo: Forsvarsbygg.no

Reistadhaugen fjellanlegg I ALTA

Frå hemmeleg forsvaranlegg barnevennleg til leikeområde

Før

Brukt som:
Hemmeleg forsvarsanlegg
Beregnet for:
Militær aktivitet

Etter

Brukt som:
Bustader og eigedomstvikling
Beregnet for:
Alminneleg ferdsel og bustad
Reistadhaugen i Alta var eit av dei viktigaste hovudkvartera i Vest-Finnmark. Fjellanlegget, som tyskarane starta arbeidet på under andre verdskrigen, hadde ei grunnflate på 600 kvadratmeter.

 

Luftforsvaret overtok anlegget i 1945 og nytta det som luftvarslingssentral fram til 1960. I 1960 overtok Hæren, og i åra 1963–1964 vart Reistadhaugen betydeleg utvida.

Tidleg i 90-åra tok FLO IKT over anlegget som kommandoplass. I 2004 overtok vi anlegget og området rundt for rydding og sikring.

Miljøvennleg ved retur

Det vart lagt til rette for miljøvennleg retur av anlegget til opphavleg tilstand. Nesten 40 mål vart rydda og fjerna. 80 tonn rivingsavfall vart bore ut av fjellet, og opningane vart støypte igjen og dekka til med jord. Miljøryddinga kosta 2,1 millionar kroner.

Grunneigar Finnmarkseiendommen (FeFo) fekk området attende i 2008. Dei var svært nøgde med å overta Reistadhaugen. – vi leverer frå seg eit mønsteranlegg med omsyn til miljøet, sa assisterande direktør Søren Karlstrøm i FeFo under sluttsynfaring. Reistadhaugen ligg like inntil barnerike bustadområde og skal brukast som tur- og leikeområde.

 

Foto: Forsvarsbygg

Beliggenhet

Fant du det du lette etter?

Nyhetsvarsling

Få e-post når det kommer nye saker.